Om nokre dagar er det eitt år sidan terroristar frå Hamas og Islamsk Jihad braut ned sikringsgjerdet og tok seg inn i Sør-Israel. 1200 israelarar blei likviderte på dei mest brutale måtar, ca 250 blei kidnappa og tekne med inn i Gaza. Over 100 av dei er framleis i fangenskap, levande eller døde.
Dagen etter begynte massive angrep på Nord-Israel frå Libanon. Hizbollah har sendt tusenvis av rakettar inn i Israel. Over 60 000 israelarar har vore eller er framleis evakuerte.
Det er mange døde sivile i tillegg til terroristar både i Gaza og Libanon. Lidingane gjer inntrykk.
Bergen Kristne Bokhandel har ein god del bøker som kan gje bakgrunnsstoff om konflikten, som absolutt ikkje er av ny dato, men som no er meir desperat enn på lenge. Her vil eg nemne ei slik bok: Sønn av Hamas, ein autobiografi av Mosab Hassan Yousef med Ron Brackin. Boka kom fyrst ut i 2010, blei revidert og gjeve ut i ei meir omfattande utgåve i 2014 og er no trykt i 5. opplag her i landet. Boka har lagt lenge på New York Times si bestselgjarliste.
Forfattaren fekk politisk asyl etter mykje drama i USA i 2010, der han no bur. Han har vore ein framtredande kommentator i dei store mediehusa i Vesten, og det finst mykje om og med han på YouTube. Sønn av Hamas har og blitt filmatisert i The Green Prince.
Mosab Hassan Yousef blei fødd i 1978 som eldste son til Sjeik Hassan Yousef, ein av grunnleggjarane av Hamas. Familien budde mesteparten av hans barndom i Ramallah. Framstillinga av faren som idealist og uvanleg empatisk er sentral i fyrste del av boka. Som barn og ungdom ser Mosab korleis faren ynskjer å hjelpe alle dei fattige og undertrykte i deira samfunn. Men etter kvart oppdagar han og at faren går gjennom dramatiske endringar ved at han godtek voldsbruk og drap for den gode saka. Dette blir eit eksistensielt problem for Mosab.
Som steinkastande gut kjem han i kontakt med israelske soldatar, og seinare blir han arrestert og fengsla. Til tider er både han og faren samtidig i israelsk fangenskap. Tida der blir ei oppvakning for han på mange måtar: han ser at fengsla Hamasfolk er verre mot sine eigne enn dei israelske soldatane er. Boka viser ein observerande og sanningssøkjande ungdom. Den aukande volden og korrupsjonen internt i Hamas og forsåvidt elles i dei kretsane han kjem frå, fører til endå fleire spørsmål for han.
Relasjonen til faren er ein bærebjelke i livet. Så mykje handlar for han om å leve opp til dei høge forventningane både faren og andre Hamasleiarar uttrykkjer. Medan Mosab er i israelsk fengsel, blir han kontakta av Shin Bet, ein israelsk etterretningsorganisasjon, og tilhøvet til Loai, kontaktpersonen, blir ein annan bærebjelke i hans liv. Dei utviklar nærmast eit vennskap, som ber Mosab gjennom tallause kriser, også kampen for å få asyl i USA. Gjennom Loai får han eit heilt nytt syn på Israel.
Og så den tredje viktige relasjonen for han. Ein gong utanfor Damaskusporten i Jerusalem møter han ein arabisktalande engelskmann, som inviterer han med til ei bibelgruppe. Her får han eit Nytestamente, som kjem til å forandre fullstendig måten han tenkjer på. Det Jesus seier i Bergpreika om å elske fiendar, er revolusjonerande. Det tek lang tid før alle spørsmåla han ber på, får svar. Han blir dregen mot nåden, kjærleiken og den audmjuke innstillinga hos Jesus – faktisk dei same karaktertrekka som drog folk mot faren, som han seier ein stad i boka.
Boka beskriv mange sider ved livet på begge sider i konflikten i området og gjev ei skisse av utviklinga i den fyrste og andre intifadaen. Lesaren får eit blikk bak kulissene og eit inntrykk av motiva bak volden og korleis hendingar genererer vold.
Men det som eg set mest pris på med boka, er å få møte ein person frå dette miljøet som søkjer sanning for einkvar pris. «Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst,» seier Jesus ein stad. Slik er Mosab sin veg.
Det finst mange bøker no om kva Gud gjer i den muslimske verda. Mange møter Jesus i draumar, t.d. den pakistanske overklassekvinna Bilquis Sheikh i «Jeg våget å kalle Han Far». Men draumane var berre begynnelsen, så måtte ho få tak i ein bibel og bli ein del av eit kristent fellesskap.
Eg har fylgt Ayan Hirsi Ali sidan eg oppdaga boka hennar «Infidel» for ein del år sidan. Ho var muslimsk flyktning frå Somalia, blei innvandrar til Nederland, der ho fort blei folkevald og ei framtredande røyst i det offentlege rommet. Etter kvart erklærte ho seg som ateist og samarbeidde med dei såkalla Ny-ateistane, som Richard Dawkins og Sam Harris. Tidlegare i år såg eg eit gripande intervju med ho der ho forklarar si veldig uventa omvending til kristen tru. For ho vart utgangspunktet ei erkjenning av at ateisme ikkje har noko å tilby Vesten i den moralske og kulturelle krisa me står i.
Dei ulike skribentane eg no har nemnt, har mykje til felles, og me kan ha stort utbyte av å høyre på dei.
Kjøp «Sønn av Hamas» her!