Om å byggja fellesskap

I det siste har eg arbeidd med førebuing til ein tale om å byggja fellesskap. Eg hadde behov for litt inspirasjon og idéar som kunne setja tankegangen i sving. Kva var då meir naturleg enn å ta kontakt med dei flotte ressursane vi har i Bergen kristne bokhandel. Der fekk eg tips om bøkene «Vi vil» av Øystein Gjerme og «Den som finner sin plass, tar ingen annens» av Tomas Sjödin. 

Gjerme si bok har undertitelen «Frivillighet i menigheten». I første kapitel gjennomgår forfattaren ulike omgrep som er brukt om menigheten i NT: Guds folk, Kristi kropp, eit tempel for Den heilage ande. Desse omgrepa er heilt grunnleggjande. Dei viser oss tydeleg at som kristne har vi ikkje eit val mellom å høyra til i det kristne fellesskapet eller ikkje. Når vi blir kristne, blir vi ein lem på denne lekamen. Dette er viktig for meg når eg skal snakka om å byggja fellesskap. 

Boka til Gjerme gir også eit historisk perspektiv på frivillig engasjement i Norge både på det åndelege og de sekulære planet og om individualisme og fellesskap. Når ein er opptatt av det kristne fellesskapet, er det ikkje uvesentleg å sjå det også i lys av den kulturelle utviklinga i storsamfunnet. Vi kristne blir sjølvsagt påverka av kulturen rundt oss. På somme felt er det mykje overlapping mellom verdiar i storsamfunnet og det Bibelen lærer. På andre område spriker det alvorleg, og vi må byggja opp ein motkultur basert på kristne verdiar. Dette vedkjem alle kristne, ikkje berre tilsette og andre ledarar i kristne kyrkjer og organisasjonar. Vi lever i eit samfunn som har blitt svært individualistisk, så det Bibelen seier om fellesskapet kan vera utfordrande for oss. Det blir ikkje ugyldig av den grunn.  Med all den einsemd vi høyrer om i vårt samfunn, er det toppaktuelt å adressera vår individualisme når vi snakkar om å byggja fellesskap. Ein kristen livsstil har ikkje betydning berre ut frå eit æveperspektiv; den er sunn og livsfremjande for enkeltmenneske og samfunn. 

Gjerme kjem også inn på viktige praktiske aspekt som angår fellesskapet.  For eksempel nemner han korleis ulike livsfaser verkar inn på både behov og tid og korleis den enkelte kan få hjelp til å disponera tida si. Eg opplever at dette er svært viktig å vera bevisst på både for ledarar og oss enkeltpersonar i fellesskapet. Det er lett å oppfordra alle til å ta del i den store dugnaden menigheten treng dette semesteret på ein måte som kan få enkelte til å trekkja seg frå heile fellesskapet. Dei kan vera i småbarnsfasen, ha sjukdom i familien eller omsorg for gamle foreldre og kjenna seg heilt overvelda over alle behova. Særleg dersom både ledarane og deira eigne venner i fellesskapet stadig snakkar om dugnaden med stor begeistring. Det må vera rom for å tilhøyra fellesskapet og berre vera – utan press til å gjera.

Både Gjerme og Sjödin har mange konkrete forteljingar om personar som har funne sin veg til oppgåver og ein livsstil der dei trivst og blomstrar. Dette gjer innhaldet meir levande og nært. Og det blir aktuelt for oss alle, fordi personane som fortel sine historiar, er ulike typar menneske i forskjellige livssituasjonar.

Tomas Sjödin legg stor vekt på at kvar einskild har noko unikt å koma med og skriv frimodig: «Å sette søkelys på andres gaver, noe som er en høyst hverdagslig og medmenneskelig oppgave, gjør samtidig verden til et bedre sted», s. 191. Han skriv også klokt om at det å vera moden er å vera klar for bruk. Ein gong opplevde han at ei kvinne kom fram til han etter eit foredrag han hadde og sa: «du er så brukt», i positiv tyding.  Han meiner å sjå ei lengsle hos mange etter å bli brukt – ikkje utnytta, men tatt i bruk. Dette er forfriskande å lesa i vår tid med stort fokus på sjølvrealisering. 

For meg var kanskje det aller viktigaste at han fortel om eigne erfaringar med menighetsarbeid på ein måte som gav inspirasjon, ei vitamininnsprøyting for oppstart av eit nytt høstsemester. Det blir framstilt som noko spennande og givande, sjølv om han ikkje legg skjul på at det også inneber forsaking og byrder. Han fortel at i hans menighet har dei «blomstresamtalar» med personar for å sjå kva dei har å bidra med og leggja til rette for at det skal få utvikla seg.  «Rundt mennesker som både vet hva de vil og elsker plassen sin, oppstår en bemerkelsesverdig frihet. Og en energifull ro», skriv han på side 191.  Og vidare på side 195: «Jeg frykter det slitne, det pliktskyldige, det kraftløse, fordi det opptar den verdifulle plassen der engasjementet og egenarten skal vokse.» Sjödin viser andre vegar å gå. Han skriv ikkje berre om blomstresamtalar, men også om beskjæring av frukttre og om å velja på nytt det vante som ikkje opplevest så spennande. Dette er tema som kan verka tunge, men Sjödin viser korleis det kan gi rom for fornying og blomstring.  Og i siste kapitel skriv han om den viktigaste plassen for oss: plassen ved Guds hjarte, «bortenfor ris og ros, bortenfor bekreftelse eller mangel på bekreftelse».  Etter kvart som eg las, kjende eg korleis energien og lysten til å vera aktivt med i det kristne fellesskapet blei fornya og forsterka. 

Begge desse bøkene inneheld mykje kunnskap og erfaring som er nyttig for både ledarar og oss andre i det kristne fellesskapet. Her kan vi som no står i begynninga av eit nytt semester få påfyll og inspirasjon, og kanskje også hjelp til omprioriteringar. Eg fekk i alle fall mange viktige innspel til talen min.