Kjærleikens tidsreiser

Somme bøker er lesne av så mange at det kan verke unødvendig at eg også skal gjere det. «Kristin Lavransdatter» hadde av ein eller annan grunn hamna i denne kategorien. Rett nok gjorde eg eit forsøk for ein del år sidan, då eg tok buss til jobb. Men ikkje altfor langt inne i livet på Jørundgård gløymde eg boka på bussen. Andre bøker kom på leselista, og denne datt ut av tanken. 

Så skjedde det at eg som journalist i Dagen intervjua ein sjeldant leseglad teolog i 70-åra. Han er av typen som verkar til å ha vore gjennom det meste av det beste. Då han fortalde at han har lese storverket til Sigrud Undset kvart tiande år gjennom livet, vart eg litt nysgjerrig. Kva kan det vere med denne boka som gjer at han vender tilbake til den så mange gonger? Dess meir ein person har lese, dess meir vil vedkomande vere klar over alle bøker han aldri vil rekke over, også med høg kvalitet.

Dermed valde eg å kjøpe boka tidlegare i år. Starten verka noko tung: «Ved skiftet etter Ivar unge Gjesling på Sundbu våren 1306 kom hans jordegods i Sil til datteren Ragnfrid og hennes husbond Lavrans Bjørgulfssøn». Det tok likevel ikkje mange sidene før eg det ante meg kvifor Undset fekk Nobelprisen i litteratur, som einaste norske kvinne gjennom tidene, for denne trilogien. No har eg nettopp starta på den tredje delen, «Korset». Framleis må eg tilstå at språkføringa, vokabularet og det store persongalleriet kan yte motstand. Hirdstjore, hybøle og høgendeprest var kanskje i daglegtalen på 1300-talet, men er uforståeleg for dei fleste i 2024. 

Likevel har verket fanga meg på ein måte eg ikkje opplever så ofte. Mest grunnleggjande trur eg det handlar om det same som då eg spurde sonen min på ni år, som er ein bokorm, kva som gjer at han likar å lese ei bok. Det må vere ei god forteljing, sa han. Forteljinga i «Kristin Lavransdatter» handlar ikkje minst om kva kjærleik er – i spenninga mellom eigen lengt, lojalaitet mot familie og lydnad mot Gud. 

Hendinga utspelar seg i vårt eige land, men likevel i eit anna univers. Kulturelt, mentalt og religiøst er det mykje framandt i verda deira. Likevel er mykje grunnleggjande så forbløffande likt. Forfattaren Edvard Hoem gav for mange år sidan ut ein roman med tittelen «Kjærleikens ferjereiser». I møte med Undsets univers har eg tenkt på omgrepet «kjærleikens tidsreiser».

«Ti sed og skikk forandres meget, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres, og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager». Dette er det kanskje mest kjende sitatet frå Undset. For meg er «Kristin Lavransdatter» eit godt døme på at ho var inne på noko viktig her. Og det fortel meg også verdien av stor litteratur, som fortel gjenkjenneleg om både livet og gudslivet.