Opphavsboka

Eg har nettopp lese siste boka til Hans Johan Sagrusten, som kom ut i fjor høst. Den heiter «Fyrste Mosebok», med undertitel «Ein livsvisjon».  Sjølv kallar han første boka i Bibelen for Opphavsboka, noko som stemmer godt med innhaldet og med namnet som er brukt for eksempel på engelsk: Genesis. Boka hans er ikkje ein kommentar til 1.Mosebok. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildra tilnærminga hans. Ein metafor som kom for meg mens eg las og reflekterte, var at det er som om Sagrusten har vore på ei stor og mektig kunstutstilling, og så formidlar han kva utstillinga gir han av assosiasjonar, metaforer og inntrykk med relevans til hans eige liv og den samtida han lever i. Samtidig skriv han ut frå ei kristen tru i møte med heilage tekstar om korleis Gud openberrar seg.

Med den tilnærminga han har, treng han ikkje i særleg grad gå inn på diskusjonar om historisitet, konfliktfylte utsegner og framstillingar som er vanskelege å få til å passa saman. Han kan nok koma inn på slike temaer, men han kjem ikkje med lange teoretiske utgreiingar. Han gjer det på ein måte som aktualiserer tekstane for oss i vår tid. For eksempel skriv han om slektslistene i 1.Mosebok: «Det er ei teologisk historie Opphavsboka vil fortelja. Poenget i historia er ikkje avhengig av at slektslistene går opp. Poenget er at vi høyrer saman med desse menneska.», s. 127. Så anvender han historiane om menneska i 1.Mosebok til å dra oss og vår samtid inn i dei forteljingane som blir fortalde: «Det er vår hand som grip rundt frukta som ikkje var vår. Det er vi som berga oss i ein båt da naturen vende seg mot oss. Det gjeld oss alle. Vi er i same båt.», s. 127. Han let teksten både ransaka og inspirera seg (og lesaren), og han gjer livet til menneska i Opphavsboka relevante inn i vår samtid og våre erfaringar.

Sagrusten sine refleksjonar over bibelteksane og deira aktualitet i vår tid er på eit høgt nivå. Hans boblande kreativitet utfaldar seg frå eit solid grunnlag av teologisk og historisk kunnskap kopla med grundig kompetanse i bibelspråka. I tillegg har han eit svært godt språk, velformulert og med dikterisk kraft, ekte og nært. Dette gjer at det kan nå inn til både kjensler og tankar mens ein les, samtidig som det er så rikt at ein kan tyggja på det om og om igjen. Eg skal ikkje leggja skjul på at det rører ekstra ved mitt hjarta som nynorskbrukar å få eit så rikt innhald formidla på eit levande og ledig nynorsk.

Han bruker ein del tid på klimautfordringane i vår tid, særleg knytt til forteljinga om syndfloda og Noas Ark. Måten han skriv på, gir inntrykk av ein person som har eit nært og kjært forhold til naturen. Og han poengterer at grunnen til at vi skal ta vare på jorda, er at skaparverket er godt: «Gud skapte jorda som ein vakker stad», s.98.  Dette kan inspirera kristne til å vera med i debatt og arbeid for å møta klimautfordringane på bibelsk grunn og ikkje berre verva oss inn i den sekulære klimadebatten, som for meg til tider høyrest ut som dommedagsforkynning utan frelsar.

1.Mos er full av forteljingar om folk, både om deira kvardagsliv og om dei store hendingane og vegskila i deira liv. Sagrusten skriv om Abraham som braut opp og forlet familien og går over til å reflektera over å la seg binda av familietradisjonar versus å bli sjølvstendig og finna sin eigen veg.  Eit kapitel handlar om å vera ein bror og nemner at Opphavsboka er full av brør: Kain og Abel, Jakob og Esau, sønene til Jakob og så vidare.  Med utgangspunkt i Kain si utsegn «er eg vaktar for bror min?» bruker Sagrusten forteljingane om brørne i 1.Mosebok til å reflektera over våre medmenneskelege forhold generelt. «Det som er sant om alle relasjonar, blir demonstrert i desse forteljingane», skriv han, s. 218.

Med utgangspunkt i Josef sitt liv fokuserer han på menneskehandel og migrasjon. Han skildrar migrantane sin situasjon, deira frykt, utryggleik og lengt etter familien som dei forlet. Han utfordrar vår samtid med tanke på korleis vi behandlar migrantane.  Slik blir Opphavsboka gjort relevant for samfunn og livsvilkår i vår tid og for kvar av oss som enkeltpersonar. Boka blir herleg og farleg livsnær.

Fordi han legg så stor vekt på dei allmennmenneskelege tema som kjem fram gjennom forteljingane i 1.Mosebok, trur eg mange som ikkje har eit personleg forhold til kristen tru og og ikkje har lese noko særleg i Bibelen, kan bli nysgjerrige på denne boka. Og for rutinerte bibellesarar kan den opna opp for vinklingar og perspektiv som ein kanskje ikkje har sett før. Sjølv blei eg både utfordra og inspirert av hans kreative funderingar over livet til menneska i Opphavsboka og det livet menneska på jorda lever no.

Ei bok som gir så mykje rom for kreativitet i behandlinga av materialet, kunne ha enda opp som noko fragmentert og sprikande. Men Sagrusten si kristne tru og hans faglege kunnskap samverkar til å gi heilskap og retning. Siste kapitlet set heile boka inn i ein teologisk samanheng som kastar lys både bakover, over samtida og framover. Frå sin ståstad ser han på menneska i 1.Mosebok med deira avgrensa kunnskap – sveiper over mange århundre og mange menneskelagnader. Han skriv om Jakob si velsigning av sonen Juda, som skulle bli stamfar for kong David og seinare Jesus. Så siterer han Sak.9.9.10b og viser korleis Det gamle testamentet peikar fram mot Fredsfyrsten. Han skriv at det er noko melankolsk over menneska i Opphavsboka, for dei døydde før alt det herlege skjedde. Samtidig nemner han at dei i Det nye testamentet er haldne fram som eksempel for oss. Abraham blir til dømes brukt som førebilete når det gjeld å tru i Gal. 3.6-7.  

På siste sida i dette kapitlet skriv han: «Å lesa Opphavsboka kan difor vera ei sterk oppleving, reint personleg. Her møter eg ikkje berre tidlause forteljingar om jorda eg bur på, om dei evige dilemma som fyller livet vårt. Her møter eg også historia om mi eiga frelse: Eg finn forteljingar som forklarer kvifor eg treng ein Gud, eg finn forteljingar der Guds frelsande gjerningar liksom ligg i knopp. Dei er skuggar og førebilete på noko som skal koma: eit lam som heng fast etter horna i bakgrunnen», s. 256.

Når eg skal avslutta refleksjonane mine, sit eg igjen med følelsen av at eg maktar ikkje formidla rikdommen i denne boka. Mitt beste råd er derfor: Kjøp og les!