For litt over eit år sidan døydde ein nabo, nesten 100 år gammal. Ho hadde hatt eit liv med mange store tap og mykje sorg. Dei vel 20 åra me var naboar, hadde me mykje med kvarandre å gjere, m.a. gav eg ho ein del bøker. Då buet etter ho skulle gjerast opp, fekk eg spørsmål om bokhandelen ville ha ein del av bøkene hennar til antikvariatet, og det sa eg ja til.
Ei av bøkene var Don Piper si sjølvbiografiske 90 minutter i himmelen. Don Piper var ein ganske ung amerikansk pastor, som etter ein konferanse i 1989 blei påkøyrd av ein enorm trailer. Bilen til Piper og han sjølv blei smadra, og han blei ganske raskt erklært død av helsepersonell som kom til. Ein annan pastor frå konferansen kom køyrande og opplevde sterkt at han skulle be for Piper. Det verka sjølvsagt både rart og nesten litt makabert, men etter ei stund song Piper med i «What a friend we have in Jesus».
Boka handlar om det som skjedde då Piper døydde og kom til himmelens port, men også om den lange vegen attende, gjennom forferdelege skader og uendeleg lang opptrening. Det som gjer mest inntrykk på meg med boka – og eg måtte sjølvsagt lese ho om att før eg tok ho med til antikvariatet – er skildringa av herlegdomen han får sjå når han døyr, og møtet med mange folk han har kjent før. Det er og ei sterk historie om Guds mangfaldige vegar med folk: Don Piper fekk livet att som svar på bøn, men måtte leve med ubeskrivelege smerter sjølv om folk ba for det og.
Når eg no las boka om att, måtte eg sjølvsagt finne meir stoff om Don Piper. Etter dei to fyrste åra då han ikkje fortalde nokon om kva han hadde opplevd, har han så i over 30 år hatt ei stor teneste med å snakke om himmelen, kanskje ikkje det vanlegaste temaet i mange kretsar no. Difor og verkar boka truverdig. Det er ikkje til å underslå at det finst spekulative bøker om opplevingar etter døden. Mykje av det kan me avvise umiddelbart, men denne trur eg me vel kan høyre på.
Ei anna og fullstendig annleis bok som kom inn i antikvariatet for ikkje lenge sidan, er ei av dei tidlege dagbøkene til bibelomsetjar og forfattar Kjell Arild Pollestad. Han har skrive 10-års dagbøker, men eg har ikkje oppdaga dei før den siste, Manneliv i kvinneland, kom ut i fjor. Eg fann fort ut at eg er rasande ueinig med han i mange ting, men det er forfriskande likevel å lese dagbøkene hans, velskrivne som dei er, med lovtalar om mange folk. Det er ei god hjelp for minnet å få hans framstilling av hendingar. Og så fann eg altså dagboka hans frå ca 1990-talet, eit tiår då eg budde utanlands store deler av tida. Det var herleg å få hans versjon av store og små hendingar i den perioden. Han er ualminneleg glad i gode vener og god mat saman, og hans utgreiingar om dei mange måltida er ikkje berre gastronomisk interessante, men også kulturhistorie.
Desse er to av min fangst i antikvariatet nyleg. Kva er folk elles interesserte i der? Eg skal nemne nokre få døme.
For kanskje eit par år sidan såg eg brått ein ung mann som vandra rundt utanfor bokhandelen og såg inn gjennom dei mange vindauga. Etter kvart kom han inn – ein ung amerikansk turist av norsk opphav på cruise frå England via Island til Bergen. Han hadde planar om å starte sitt private bibliotek og ville ha den eldste boka han kunne finne i antikvariatet. Eg plukka fram eit Nytestamente frå 1880, og det var han fornøgd med. Gotisk skrift inga hindring! Me fekk ein lang og interessant samtale om hans bakgrunn i Wisconsin, forholdet mellom islandsk og norsk, mykje om historia til Island og Noreg, og så gjekk han glad sin veg.
I det siste har det blitt vanleg å ringje inn ynskje om bøker i antikvariatet. Me hadde fleire som gjerne ville ha Den himmelske mann av og om Broder Yun. Ei av dei som sette seg på bestillingslista, venta i fleire år, men så dukka etter kvart både eitt og to eksemplar av den ynskte boka opp.
Den omfattande serien Bibelverket, som er kommentarar til alle bibelske bøker, er svært populær. Der er det som oftast venteliste, særleg for dei små profetbøkene og Salomos Ordtøke, t.d.
No nyleg ville ei ha ein nynorsk Bibel frå 1970, og ein slik fann me etter kvart. Me har ein god del nyare brukte Biblar, som ivrige sjeler kjøper for å gje til vener og bekjente. Men me har ikkje svært mange Bibelutgåver frå mellom 1920 og 1978. Ein mann ville gjerne ha ei salmebok frå 1920, og det fann me og etter litt leiting. Elles er både salmebøker og Sangboken salgsobjekt, og det går jamnt og trutt ein del av dei.
Bestselgjarforfattarane er vel helst slektningane H.E.Wisløff, Fredrik Wisløff og Carl Fredrik Wisløff. Olav Valen-Sendstad er ettertrakta, det er og Ole Hallesby og Ludvig Hope. Bibelkommentarar av Olaf Moe og andre er populære blant teologistudentar, særleg. Andaktsbøker sel me ganske mange av, ikkje minst Bo Giertz sine, men og andre.
Eg fann nettopp ei studieutgåve av The Message, den veldig kjende Bibelomsetjinga til Eugene Peterson. Sjølv om eg har ein god del Biblar, så trengst det fornying der og.
Ein god del kundar likar å bruke lang tid i antikvariatet, leite i hyllene, setje seg ned og lese for å sjå om noko fell i smak. Alt dette er ein sentral del av tilbodet bokhandelen skal gje. Antikvariatet er kanskje ikkje svært lukrativt, men det er likevel veldig viktig.