To ferske inntrykk frå arbeidet som journalist i Dagen ligg bak det eg har på hjartet denne gongen. Det første fekk eg i Volda for nokre veker sidan. Der møtte eg litteraturprofessor Jan Inge Sørbø. Gjennom mange år har han interessert seg for teologi i litteraturen. Sørbø er fascinert over korleis forfattarar som ikkje nødvendigvis har ei kristen tru, kan oppdage bibelforteljingane på nytt.
Eit døme var den no avdøde forfattaren Finn Carling som skreiv ei bok om kva kristne trudde på. Då han fekk spørsmål om kva han meinte om Jesus, svarte Carling at Jesus hadde ein fascinerande kombinasjon av strenge etiske krav og stor kjærleik til menneske som ikkje oppfylte desse krava. Sørbø konstaterte at forfattaren på denne måten oppsummerte på eit par linjer kva nåde er.
Sørbø har erfart at studentar etter kvart kan ha svært liten kunnskap om innhaldet i Bibelen. Då synest han det er spennande at stadig nye forfattarar tek fram bibelforteljingane på nytt.
Den andre erfaringa er frå innspelinga av podkasten «Ulest – kristne klassikere». I denne serien intervjuar eg teologane Peder Solberg og William Grosås frå NLA Høgskolen. No har vi vore gjennom bøker frå kvart hundreår av kyrkjehistoria. Det har gitt mange oppdagingar av korleis Bibelen er evig aktuell – og på trass av forskjellig tid og stad, talar til menneske om kven Gud er, kven vi er og korleis vi skal forstå verda og livet vårt i den. Sjølv om mykje er forskjellig, er det viktigaste felles. Både Gud og mennesket er jo det same.
Sjølv om vi er i mål med kvart hundreår, har prosjektet vore så givande og utløyst så mykje positiv respons at vi held fram. Den nyaste episoden handlar om ein utypisk tekst: «Matteuspasjonen» av Johann Sebastian Bach. Det er jo ein komposisjon, men formidlar og fortolkar Jesu lidingshistorie på ein måte som har hatt enorm påverknad. Det snart tre timar lange verket kan kallast tidenes mektigaste bibelmeditasjon. Og menneske blir møtte av det igjen og igjen.
Det desse to erfaringane har til felles, er at Bibelen kan tale til oss også indirekte. Den personlege lesinga av eller lyttinga til Bibelen er sjølvsagt uerstatteleg. Men å få merke korleis Bibelen talar til andre, både i tidlegare tider og i vår eiga tid, er både utfordrande og oppbyggeleg. Då Dag Kullerud skreiv historia om Det norske bibelselskap, kalla han boka «Bibelen – boken som formet vår kultur». Historisk kan sjølv ikkje den mest hardbarka ateist nekte for at det er slik i vårt land og resten av Vesten. Men sjølv i ei meir pluralistisk og sekularisert tid har Bibelen ei særeigen kraft.