Det hadde vore interessant å gjera ei undersøking når det gjeld bibelkunnskap her i landet. Eg tenkjer at den har minka skremmande mykje på nokså kort tid. Det fører til større utfordringar når det gjeld å formidla evangeliet. Vi kan ikkje gå ut frå at folk kjenner til forteljingane og personane i Bibelen.
Derfor ligg det meg på hjarta at det kunne vekkjast ei bibelinteresse, både blant kristne og ikkje-kristne. Det kan sjå ut som noko er på gang, og vi kan vera med og nøra opp om det. Ei svært inspirerande bok i så måte er Sagrusten si «RIK bibellesing». «RIK» står for «Regelmessig», «I fellesskap» og «Kontinuerleg». Sagrusten gir eksempel på korleis han meiner vi kan praktisera kvart av desse områda. Han gir interessant informasjon om dei første kristne sin bibelbruk og sjølvopplevde eksempel på bibelbruk i ulike land og kyrkjesamfunn. Boka har også praktisk undervisning om ulike former for bibellesing og spørsmål til ettertanke. Det han foreslår, er ikkje innvikla, men realistisk og mogleg å gjennomføra for vanlege «kvardagsmenneske». Slik maktar han å utfordra på ein konkret og oppmuntrande måte.
Boka er full av eksempel. Frå Kina fortel Sagrusten om studentar som kjem saman kvar morgon og kveld for å lesa høgt saman frå Bibelen. Dei sit i ein ring og les eit vers kvar, til dei har lese fem kapitel. Deretter snakkar dei saman om det dei har lese. I ei bibelgruppe for kvinner i Kina fortel ei kvinne at ho har lært å lesa ved å lytta til dei andre lesa frå Bibelen. Sagrusten seier ikkje at vi bør koma saman kvar dag og lesa Bibelen, men bruker desse eksempla for å understreka at det er viktig med regelmessighet, og at det har sin særlege verdi å lesa saman. Eg trur mange av oss har opplevd at det er lettare å bli stille for Ordet når vi er saman med andre om det.
Frå eiga erfaring fortel han om korleis dei har prøvd seg fram med bibelsamlingar i Spydeberg. Dei kjem saman og les to-tre kapitel. Etterpå kan dei ha ein kort bibeltime eller betraktning over teksten, dei samtaler om det dei har lese, eller dei sit og lyttar til fin musikk. Nokon gonger har dei felles bønn, høgt eller stille, der folk kan koma med bønneemne som teksten har minna dei om. Han legg vekt på at samlingane skal krevja minimalt av førebuing, vera avgrensa, slik at folk veit kva dei går til, og at ein må halda på over tid, så det blir kontinuerleg. Ein bør i alle fall ha regelmessige bibelkveldar i eit år for at folk skal bli vane med det, meiner han.
Sagrusten gir også eksempel på bibelbruk for born og unge. Frå Egypt fortel han om den unge mannen Eshak som han møtte i Kairo i 2017. Eshak deler frå livet sitt, der kyrkja og Bibelen har stor plass. Saman med andre ungdommar har han lært bibelhistoriene, og han har blitt søndagsskulelærar. Dei kristne har ein tøff kvardag i Egpt, men nettopp derfor er det så viktig for ungdommane å koma saman i kyrkja om kveldane. Der er døra alltid open, og dei får oppleva fellesskap med vennene sine. Saman med dei er vaksne kristne, og ungdommane set pris på det trygge dei vaksne representerer.
Sagrusten hevdar ikkje at vi skal gjera det på same måten som dei kristne han fortel om frå andre land. Men eksempla han gir, kan vera til ettertanke og inspirasjon. For å hjelpa oss til det legg han inn det han kallar «studie- og utviklingsspørsål», som inviterer til å tenkja over forholda hos oss. Han har også med eit svært gledeleg eksempel frå Norge. På den tida boka blei skriven (utgitt 2018) hadde Ungdom i Oppdrag i fleire år samla ungdom i Misjonssalen i Oslo kvar mandag kveld til lovsong og bibelundervisning. Første semesteret var det 90 personar, men talet hadde seinare stige til tre-fire hundre påmeldte deltakarar. Han skriv at ledaren i Ungdom i Oppdrag meiner det viktigaste med kveldane er at ungdommane begynner å lesa Bibelen sjølve. Desse samlingane er i følgje Sagrusten noko av det nærmaste vi kjem RIK bibelbruk i Norge. Dei har dei same tre kjenneteikna som han har opplevd i Kina og Egypt: Dei møtest regelmessig, les i fellesskap og dei gjer det kontinuerleg. Eg kjenner ikkje til om tiltaket framleis er i gang. Uansett gir det noko å tenkja på.
Eit mykje mindre omfattande, men kanskje like viktig «tiltak» som Sagrusten løftar fram, er det han kallar «bibelvenner»: at to personar kan gå saman om å lesa Bibelen for å hjelpa og støtta kvarandre. Eg tar ikkje med dei konkrete eksempla han kjem med i denne samanhengen, men oppfordrar til å kjøpa og lesa boka.
Denne boka er nyttig for kvar enkelt av oss med tanke på vår bibellesing. Likevel er den kanskje endå meir aktuell for kristne fellesskap, både menigheter og mindre einingar, for eksempel bibel- og bønnegrupper. Tenk om fleire kristne i same menighet eller same område kunne bli einige om å lesa «RIK bibelbruk» og drøfta kva dei kan gjera for å styrkja bibelbruken i sin samanheng! Eg synest det er ein spennande tanke. Når vi tenkjer på det Bibelen seier om at Guds ord er levande, og at Den heilage ande kan skapa tru gjennom Ordet, så er det grunn til å leggja vekt på bibellesing.
Mange opplever nok at det er mykje i Bibelen som dei ikkje forstår. Bibelen er jo samansett av 66 bøker med innhald som dekker mange hundreår og svært ulike livssituasjonar. Særleg i GT er det ein del stoff som er vanskeleg å forstå og forhalda seg til. Det kan vera lett å bli forvirra, overvelda og missa motet. Det er enklare å begynna med NT. Men der blir det ofte vist til hendingar og personar i GT. Dersom ein ikkje kjenner desse historiene, får ein ikkje det same utbytet av det ein les. Det er rett og slett vanskeleg å få ei god forståing av NT dersom ein ikkje har ein del kunnskap om Guds utvalde folk i GT og den store forteljinga om Guds frelsesplan slik den blir utfalda frå begynninga av Bibelen.
Den kristne bokhandelen (heretter Bokhandelen) har mange bøker som kan hjelpa ein til å få meir kunnskap og forståing av samanhengane i Bibelen utan å måtta bruka årevis. Jan Bygstad har skrive ei lita bok som heiter «Skriften vitner om Kristus». Eg har ikkje lese den, berre bladd litt. I innhaldslista finn vi kapitel om Jesus som Messias, profeten og kongen og eit som heiter «Hvordan skal vi se på og bruke det gamle testamente?» Det hjelper å ha ein del knaggar å hengja det på når ein les alle tilvisingane til GT i evangelia og breva.
På Bokhandelen fann eg også ein interessant barnebibel: «MY BIG STORY BIBLE». I tillegg til å gi eit utval av forteljingar frå GT og NT med fargerike illustrasjonar, prøver den å hjelpa lesarane til å oppdaga korleis dei ulike historiane heng saman, og korleis dei saman formidlar den store forteljinga om Guds plan for å gjenoppretta etter syndefallet og «bringa himmel og jord saman», som det står på omslaget til boka. Kanskje nokon skal kjøpa ein slik bibel både til seg sjølv og til opplesing for borna i familien.
Eg kan ikkje dy meg for å nemna den gamle bibelhistoria, eller bibelsoga som det heiter på mitt mål, den som min generasjon hadde i barneskulen. I vaksen alder har eg sett gjennom den og blitt imponert over kor pedagogisk den er oppbygd. Den har valt ut historier og personar frå GT på ein måte som gir ei nyttig oversikt over frelseshistoria, frå skapinga, via syndefallet og så den lange vegen der Gud handla i historia, valde seg ut eit folk som han førte gjennom århundrer fram til midtpunktet i historia, Jesu kome, død og oppstode. Også stoffet i NT er valt ut og fortalt på same pedagogiske måte. Eg takkar Gud for at eg som barn fekk denne enkle og levande oversikta over innhaldet i Bibelen. Har du denne boka heime, så ta den fram og les. Om nokon har ei bibelhistorie som dei sjølve ikkje har bruk for eller plass til lenger, så kanskje dei kan gi den til antikvariatet i Bokhandelen. Eg trur den kan vera til nytte for mange som er ukjende med Bibelen.
Gud har skapt oss som heile menneske, med både tankar og følelsar. Det er ikkje slik at vi må kasta fornuften over bord for å kunna tru. Guds Ord taler til heile mennesket. Derfor er det også viktig at vi kan auka vår forståing, samtidig som vi gir rom for innleving og følelsar. Tenk om fleire og fleire kunne fortelja at dei har ein rik bibelbruk!
Undertitelen på Sagrusten si bok er «En inspirasjonsbok». Det er den verkeleg. Eg skulle gjerne fått nokon med meg til å drøyma og be om korleis vi kan setja fleire små og store tiltak ut i livet for å inspirera til livgivande bibelbruk blant store og små. Ein kan begynna med å kjøpa og lesa boka og i tillegg gi seg litt tid på Bergen kristne bokhandel til å snusa og spørja for å finna fleire bøker som kan vera til hjelp.