Denne sommaren las eg omsider boka «Anno 1024 – året som forvandlet Norge» av Ole Petter Erlandsen. Som tittelen tilseier, kom boka ut i fjor, i samband med tusenårsmarkeringa for kristenretten.
Som journalist i Dagen følgde eg markeringa og var fleire gonger til Moster på Bømlo. Der skal Olav den heilage og biskop Grimkjell ha halde ting og introdusert desse reglane som styrte åtferd i tråd med kristen morallære. Omgrepet vert helst brukt om «kristendomsbolkane» i dei gamle landskapslovene. Det var fire slike, og dei galdt fram til vi fekk Magnus Lagabøtes landslov i 1274.
Særleg inntrykk gjorde sjølve jubileumshelga i slutten av mai. Kronprinsparet, statsministeren, stortingspresidenten og andre kyrkje- og samfunnstoppar var samla for å feire det som på mange måtar er starten på det norske rettssamfunnet. Gjennom rundt 20 år som journalist er det sjeldan eg har vore på arrangement som gjorde så sterkt inntrykk på meg. Det var ein atmosfære av takksemd, ettertanke og samhald som var spesiell – på tvers av politiske og kyrkjegeografiske skiljelinjer.
Kjennskapen til kristenretten er neppe spesielt god blant nordmenn flest. Det trur eg også gjeld mellom aktive kristne. Krafta som låg i dette «sedskiftet», og som pregar kulturen vår heilt fram til i dag, er undervurdert. Forfattar Ole Petter Erlandsen formidlar denne historia på ein måte som er både grundig og forståeleg, reflekterande og frimodig.
Fram mot nasjonaljubileet i 2030 er det eit spesielt vindauge til sjå tilbake på norsk historie og kva røter vi har. I ei tid då det vert rapportert om at fleire er nysgjerrige på kristen tru, er det viktig at fleire har kjennskap til kva denne trua har betydd i landet vårt. Slik historieforteljing må vere sannferdig og nyansert. Det handlar ikkje om å vere nostalgisk eller dekkje over skuggesider. Men det er neppe den største utfordringa i dag. Kunnskapsløyse og fordommar om fortida er nok langt meir utbreidde problem.
For den som vil vite meir, er Ole Petter Erlandsen ein av dei som gir god starthjelp.