Ein laurdag seint i november opplevde eg noko merkeleg: På eit langbord låg det ein serie med 22 bøker som eg hadde vore med på å snakke til eksistens. Lege og forleggar i Sisik forlag, Dag Gundersen Storla, hadde nemleg lykkast med å gi ut bøkene som ligg til grunn for podkasten Ulest – kristne klassikere. Storla har vist ei nesten ufatteleg evne til å gjennomføre det han set seg føre.
Lanseringsseminaret på NLA Høgskolen i Oslo var eit uventa høgdepunkt på ei reise som starta like uventa våren 2023. Prest og høgskulelektor William Grosås ved NLA Høgskolen tok kontakt med Dagen for å høyre om det var interessant å samarbeide om ein podkast om kristne klassikarar. Eg var den heldige som fekk oppdraget med å delta frå Dagen. Frå NLA kom også førstelektor Peder Solberg.
Dei første episodane vart publiserte i november 2023. I juni 2025 sette vi punktum, i alle fall førebels. Då hadde vi reist gjennom 2000 år, på kryss av tvers av Europa og Midtausten, og med ein slags svipp til Amerika. Resultatet var 74 episodar. Dei har utløyst ein respons eg aldri har opplevd maken til gjennom over 20 år som kristenlivsjournalist. I mars i år nådde det endå eit nytt nivå: Då starta TVL å sende ein tv-versjon vi lagar av serien.
Frå starten var eg positiv til prosjektet, men også litt tvilande. Ein ting var å få folk til å interessere seg for tekstar frå den første kristne historia, som det er eit sterkt felleseige til.
Mange kristne kunne nok vere klare for å lære litt meir om det eldgamle skriftet Didaché, og om gigantar som Justin Martyr, Ireneus og Augustin. Og seinare kunne nok Martin Luther, Søren Kierkegaard og C. S. Lewis ha sine lyttevillige tilhengjarar.
Men kor mange ville vere klare for å følgje med inn i mellomalderen for å høyre om forsvaret Johannes av Damaskus formulerte for heilage bilete, dei mystiske bysantinske dikta til Symeon den nye teologen eller visjonane til Birgitta av Vadstena?
I etterkant kan eg konstatere resultatet: Langt fleire enn eg hadde trudd. Og med vesentleg breiare bakgrunn enn eg hadde venta. Vi har høyrt frå bedehusfolk og ortodokse, pinsevener og katolikkar, teologar og lekfolk, kvinner og menn, unge og eldre.
Å gå inn i eit slikt landskap vil vere spenningsfylt. Ein vert også minna om kvifor kristne har enda opp i forskjellige kyrkjesamfunn og tradisjonar. Mellom forfattarane er det store variasjonar i perspektiv og miljø. Nokre synspunkt kan vere både overraskande, forvirrande og provoserande.
For meg har det vore viktig å tenkje at eg er med som ein observatør og lyttar, ikkje som ein ekspert. Eg stiller spørsmål på vegner av lyttarane, med utgangspunkt i min eigen lågkyrkjelege lutherske bakgrunn. Somme ting har eg høyrt og lese utan at eg har greidd å ta det til meg eller nødvendigvis ønskjer å ta det med vidare.
Det store biletet er likevel at reisa har gjort meg mykje rikare. Igjen og igjen er eg blitt overrumpla over kor aktuelt det kan vere å lese eller høyre om nokon som lever i ein heilt annan situasjon en eg. Og utfordringar som verkar overveldande i vår eiga samtid, står plutseleg i eit anna lys. Det er slett ikkje noko nytt med spenningar og uvisse. Men dei som har gått føre, har vist at det alltid er håp for den som søkjer Gud der han har lova å la seg finne.
Denne teksten har tidligere vært publisert i Dagen.
Bestill bøkene her: https://nettbutikk.bergenkristnebokhandel.no/produktkategori/kristne_klassikere/

