Bøker for fastetida

Magnus Tunehag: «Ut i åpent land», med undertitel «Med ørkenfedrene i fastetiden» og

Fredrik Wisløff: «Med Ham til Golgata».

Eg har nettopp lese ei ny bok for fastetida: «Ut i åpent land» av Magnus Tunehag som er prest i ei forsamling innan Evangeliska Fosterlandsstiftelsen. Den norske utgåva kom i fjor på Verbum forlag. Boka har 36 små stykke som passar å lesa frå oskeonsdag til onsdag i den stille veka, med pause om søndagane.

Kvart stykke blir innleia med ei forteljing om og/eller eit sitat av ein av ørkenfedrene (eller mødrene). Med utgangspunkt i dette kjem Tunehag inn på ulike sider ved livet som Jesu etterfølgjar, og korleis vi kan bruka fastetida til å veksa og modnast som kristne.

Innleiingane om ørkenfedrene er interessante, då dei ofte gjengir utsegner som er uventa og til dels merkelege. Det kan godt henda dei hadde framstått annleis dersom vi hadde hatt heile konteksten. Uansett kan vi la dei utfordra oss til å sjå ting frå nye vinklar. Dessutan bruker Tunehag sitata på måtar som gir oss verdifulle innspel til hjelp i kristenlivet. Eit eksempel: «Abba Antonius sa: «Så langt som mulig bør en munk betro fedrene hvor mange skritt han går og hvor mange dråper vann han drikker i sin celle, så han kan vite at han ikke trår feil.» Merkeleg utsegn, men når vi les refleksjonane til Tunehag over dette, blir det ei nyttig påminning om kor viktig og verdifullt det kan vera å ha ein erfaren person vi har tillit til som vi kan snakka med om livet vårt, våre synder og kampar –  nokon vi kan stå til ansvar for. Eller kva med dette eksemplet: «Abba Antonius hørte Gud si: «Det kommer en tid da menneskene blir gale, og ser de en som ikke er det, vender de seg mot ham og sier: Du er gal. For han er jo ikke som dem.» Denne utsegna brukar Tunehag til å peika på at å vera kristen er å vera annleis, slik at ein kan oppleva at ein ikkje passar heilt inn, men kan bli oppfatta som litt sprø. Han siterer 1.Kor. 1.18-25.

Tunehag kjem inn på svært mange sider av kristentrua og -livet i boka, samtidig som han får til å halda innlegget for kvar dag kort. Eg opplever at han formidlar eit radikalt syn på synda og etterfølginga. Dette maktar han å halda saman med eit nøkternt og vennleg rom for det menneskelege – både med dei begrensingar det inneber og med den glede og nyting vi skal få ta imot av Gud. Boka har god balanse utan å bli konturlaus. Den er skikkeleg utfordrande, men på ein evangelisk måte som kan gi mot til å våga seg inn i dette landskapet. For meg peikar titelen «Ut i åpent land» på at boka viser korleis ei radikal etterfølging fører til fridom og sant menneskeliv. Desse kvalitetane, saman med dei nye og uventa vinklingane, er vel det eg set aller mest pris på ved denne boka. Boka er på ein måte svært lettlesen. Forfattaren bruker ein enkelt språk. Samtidig gir han oss stoff å tyggja på i lange tider.

Dersom ein vil ha ei fastebok som heile tida held seg direkte i bibeltekstane om Jesu lidingshistorie, så kan eg anbefala «Med Ham til Golgata» av presten Fredrik Wisløff.  Eg fekk denne boka som gåve for mange år sidan, og den har blitt ei kjær fastebok for meg. Boka kom i ny utgåve som paperback i 2015.

Wisløff har 42 andakter som går gjennom heile Jesu lidingshistorie. Kvar andakt begynner med eit bibelavsnitt. Med utgangspunkt i dette bruker han han forteljingane frå alle dei fire evangelia i si utlegging av mange ulike sider ved lidingshistorien.

I forordet til boka skriv Wisløff: «Aldri har Jesu lidelseshistorie vært meg så nærværende som da jeg skrev denne boken. Med sinn og tanke fikk jeg følge ham på hans tunge gang opp til Golgata.» Mi oppleving er at han tar meg med på denne vegen. Det blir så nært.

Wisløff anvender bibeltekstane på eige og lesaren sitt liv. Han skildrar korleis Jesus gjekk over Kedron mot Getsemane, og peikar på at sjølv om Kedron var ein liten bekk, er Jesu steg over bekken tunge og betydningsfulle.  Han er på veg mot å fullføra frelsa for heile verda. Så vender Wisløff seg til lesaren: «La oss nå følge ham alle. La oss gå over vårt Kedron. La ikke en dag gå hen uten at vi får et glimt av ham i hans lidelse. Om nødvendig, så sett noe til side.»

 «Med Ham til Golgata» fører meg inn i tekstane om Jesu liding og hjelper meg til å leva i fastetida sin bodskap. Den inneheld tankevekkjande perspektiv på kva det inneber at Jesus leid både som menneske og som Gud. Wisløff fortel om dei ulike personane som er ein del av historien: Peter, Judas, Pilatus, Jesu mor og fleire andre. Han deler sine undrande refleksjonar omkring deira handlingar og moglege tankar og følelsar, og eg lever meg inn i desse personane sine erfaringar.

Boka er djupt ransakande og utfordrande. Samtidig løftar den fram Jesu kjærleik og forsoning slik at evangeliet blir stort og fullstendig ufortent. Mot slutten av boka skriv han om forhenget som rivna – ovanfrå og heilt ned. «Det er Gud selv som handler, som åpner veien inn til nådestolen….. Veien er åpen. Også for de urene. Like inn i det aller helligste, – til nådestolen, …»

Eg tenkjer at det kan vera utbyterikt å lesa begge desse bøkene i fastetida – parallelt. Den eine fører oss djupt inn i Jesu lidingshistorie, hjelper oss til å leva oss inn i den og sjå kva den betyr for oss. Den andre gir nye, kanskje overraskande vinklingar og fokuserer på korleis vi kan bruka fastetida til å bli justert og veksa som Jesu etterfølgjarar – i kamp og livsutfalding.

Bestill «Ut i åpent land» her: https://nettbutikk.bergenkristnebokhandel.no/produkt/ut-i-apent-land-med-orkenfedrene-i-fastetiden/

Bestill «Med ham til Golgata» her: https://nettbutikk.bergenkristnebokhandel.no/produkt/med-ham-til-golgata/