Det finst bøker eg må lese med jamne mellomrom. Sigrid Undset si erindringsbok Lykkelige dager er ei slik. Ephraim Kishon, israelsk satirikar, har to bøker i norsk omsetjing, Salomos dårskap og God aften, Gomorra. Når verda blir for vanskeleg, tek eg fram ei av dei. Tomas Sjødin si Tusen ulevde liv er ein fornøyeleg og tankevekkande roman. For å nemne nokre.
Men dei eg les oftast om att, er C.S.Lewis sine bøker. Narnia-serien har eg vore innom i denne spalten før. Perelandra, den andre av Lewis sin kosmiske trilogi, er ei av mine favorittbøker. Beskrivelsen av øyane på planeten Venus, der handlinga føregår, er aldeles ubetaleleg.
Biografien til C.S.Lewis, Surprised by Joy eller på norsk Tatt av gleden, tåler også veldig godt å bli lesen mange gonger.
Lewis vaks opp i Nord-Irland, saman med mor, far og bror. Faren var ein retorisk sterk jurist, mora kom frå ein svært begava familie. Dei budde i eit stort hus, der Jack – eigentleg Clive Staples – og broren Warren las endelaust med bøker og utvikla fantasiverder, som var svært tilfredsstillande for dei. Alt tidleg i barndommen fekk han ein spesiell relasjon til nordisk mytologi og særleg den lengselen han kunne fornemme i ein del av mytane. Dette vart på mange måtar ei ledestjerne for han også i vaksen alder.
Katastrofen ramma dei då mora døydde. Forholdet til faren var komplisert. Både Warren og Jack blei sende til England og kostskular, eigentleg også ein katastrofe, ettersom faren tydelegvis ikkje var i stand til å forstå korleis gutane faktisk hadde det på desse internatskulane.
Etter kvart, til hans store lettelse, fekk han same privatlæraren som Warren, og her blei nok grunnlaget lagt for hans store kunnskap i dei klassiske disiplinane, som gresk og latin og litteratur frå ymse periodar.
Han deltok i 1. verdskrigen og blei såra der. Både før og etter krigsinnsatsen var han student ved Oxford, der han etter fullført grad – med glimrande resultat – blei tilsett som lærar. Mykje seinare vart han så professor i Cambridge. Han var ein legendarisk førelesar med enorm kunnskap. Under 2. verdskrigen heldt han sine berømte radiotalar i BBC, på mange måtar grunnlaget for Se det i øynene/Mere Christianity og andre bøker han gav ut.
C.S.Lewis var frå ein anglikansk familie. I møte med kostskulelivet og tankane der miste han det han hadde med seg av tru, og betrakta seg som ateist til han nærma seg 30 år. Medstudentar og kollegaer i Oxford utfordra ståstaden hans, t.d. vart professor Tolkien, forfattar seinare av Ringenes Herre/The Lord of the Rings, m.a., ein viktig samtalepartnar for han. Etter kvart kalla han seg teist, men ikkje noko meir. Ein livsforvandlande samtale med Tolkien opna augo hans, så han skjøna at den kristne forteljinga om ein gud som vart menneske, døydde forsonande og så stod opp frå døden, var ein sann myte. Heile hans intellektuelle kamp er grunnlaget for hans arbeid som apologet og forfattar.
Biografien hans er meir oppteken av å vise korleis heim og kostskule forma han enn å gje eit detaljert bilete av det som skjedde med han seinare i livet. På mange måtar er forteljinga sluttført når han har kome fram til kristen tru. Og denne oppdaginga kallar han glede: Surprised by Joy. Den himmelske gleda er det som kjenneteiknar livet med Gud, i fylgje Lewis. Ikkje minst i dei sju Narnia-bøkene viser han korleis dette er eit liv og ikkje berre teoriar om det overnaturlege.
Eg har lyst til å nemne to aspekt ved bøkene hans her.
I Sølvstolen/The Silver Chair, ei av Narnia-bøkene, møter me Jill Pole og Eustace Scrubb, begge elevar ved ein progressiv internatskule, der mobbing høyrer til dagens orden. Elevar til alle tider veit veldig godt om rangering og hierarki, popularitet, utgrupper og, ja, mobbing. Uansett kva vaksne finn på av tiltak, har born og unge si eiga verd på skulen, der frykt og fortviling og det som verre er, florerer. Eg trur ein av grunnane til at Lewis er stadig aktuell for nye generasjonar er denne formen for realisme. Heldigvis finst det motkrefter til det vonde i bøkene: Fantasiverda Narnia er full av Aslan sine motkrefter, og løva Aslan har sin representant under eit anna namn, som han seier, i vår verd (Reisen til det ytterste hav/The Voyage of the Dawn Treader).
Det andre eg vil nemne, er beslekta med dette. Lewis bedriv ikkje skjønnmaling eller positiv tenkjing eller flukt frå det som er, sjølv om han brukar fantasi som verkemiddel. Born treng reiskap til å tåle ikkje berre mobbing, men også krig, naud, øydeleggjing. Ikkje minst Narnia-bøkene, men og ei bok som Perelandra gjev oss eit bilete av kampen me står i. Det vonde og den vonde er ikkje konstruksjonar, men hard røyndom. Den kampen må me inn i, den kan me ikkje rømme i frå. Weston i Perelandra er komen til ei verd der syndefallet ikkje har skjedd, og han er fullstendig besatt av å erobre denne verda for seg, det vil seie det vonde. Den ubehjelpelege forskaren Ransom vel å ta opp kampen med Weston og gjennom fortvila og til dels hjelpelaus innsats blir han etter kvart ein verdig motpart til den vonde Weston.
Eg ser for meg at krigserfaringane til Lewis pregar det han skriv her. Og dette trur eg er ein annan grunn til at han opplevest ny og aktuell. Verda er slik. Me lever med stor risiko, men me må involvere oss på Den gode si side.
Alle desse bøkene eg her har nemnt, har me i Bergen Kristne Bokhandel, faktisk både på norsk og engelsk. Og me har mykje meir av Lewis, m.a. den boka han skreiv som si private bearbeiding av sorga etter at kona, Joy, døydde av kreft, berre fire år etter at dei gifta seg. En sorg som min/A Grief Observed viser kanskje ein annan Lewis, men han kom igjennom kampen med trua i behald.
Eg legg også ved her ei lenke til ei utdjupande framstilling av samtalen med professor Tolkien: https://www.facebook.com/photo/?fbid=122289041306236296&set=a.122276178398236296
Bestill «Tatt av gleden» her: https://nettbutikk.bergenkristnebokhandel.no/produkt/tatt-av-gleden/
Bestill «Surprised by joy» her: https://nettbutikk.bergenkristnebokhandel.no/produkt/surprised-by-joy/

