Ulest – ei oppdagingsreise

Det hender at interessante livserfaringar starta på ein heilt uventa måte. Slik var det for meg med podkasten «Ulest – kristne klassikere». Den er eit samarbeid mellom NLA Høgskolen og Dagen.

Sist vår hadde eg studiepermisjon og tok eit par fag ved NLA Høgskolen. Der vart eg kjend med fleire lærarar eg ikkje kjende noko særleg frå før. To av dei var William Grosås og Peder Solberg. Begge har stor interesse for litteratur, ikkje minst for bøker som har vore viktige i kyrkjehistoria.

I etterkant av permisjonen tok William kontakt med Dagen og lurte på om avisa var interessert i eit nytt samarbeid. Tanken var å lage ein podkast som presenterer éin tekst frå kvart hundreår av kyrkjehistoria. Det vil altså seie 21 tekstar. Då eg fekk spørsmål om å ha rolla som intervjuar i podkasten, såg eg på det som ei spennande utfordring. Samstundes er eg slett ingen ekspert på dette, så det var jo også litt spennande.

Etter ein del forarbeid og planlegging på seinsommaren og hausten, kom vi ut med dei første episodane i november. Responsen har langt overgått det eg hadde forventa. Det viser seg å vere mange som er interesserte i å lære meir om gamle kristne bøker. Og responsen kjem ikkje berre frå teologisk skulerte. Også vanlege kristne lekfolk har fortalt at dei lyttar til podkasten med interesse.

Eg trur det kan vere fleire grunnar til dette. Éin er at mange opplever at det er berikande, og kanskje til og med nødvendig, å få djupare røter og ein breiare horisont som kristne. I møte med ein samtidskultur som ofte er framand for kristen tru og livstolking, er det både nyttig og inspirerande å lære av kristne som har levd før og i forskjellige kontekstar.

Sjølv forfattarar som ein i utgangspunktet kunne tenkje er fjerne frå oss, viser seg ofte å ha balt med mange av dei same spørsmåla og problema som vi opplever. Og dei har gjort det med den same Bibelen som utgangspunkt. Å oppdage dette kan gi både større ro og tryggleik i møte med utfordringar og uro i vår eiga tid.

Er det éin ting eg har fått stadfesta gjennom arbeidet med Ulest, så er det dette: Det er lite ein kan lære så mykje nytt av, som gamle bøker. Og framleis har vi hundrevis av år igjen å snakke om. Dersom du er interessert i å lytte, finst Ulest på Spotify, iTunes og andre plattformer som leverer podkast. Podkasten vert også sendt på Ptro på tysdagar klokka 14.