Tania Michelet fekk mykje mediamerksemd då ho blei døypt i 2019. Ho er dotter til Jon Michelet, forfattar og sentral i AKP(m-l), forløparen for Rødt. I boka Min egen vei. Fra Mao til Gud forklarar ho kvifor ho valde å bli kristen og døypt. Ho er ein av svært få som har ytra seg offentleg om livet inne i den radikale politiske rørsla foreldra var ein del av, og som ho altså tek eit oppgjer med.
Eg var student i 1970-åra, i den tida denne politiske vekkelsen hjemsøkte vårt land, for å bruke orda frå ein kjent boktittel. I Bergen var Studentsenteret navet i studentlivet. Det var eit forferdeleg bygg: ein skikkeleg betongkoloss, låg under taket og mørk. Heldigvis er det rive og erstatta av eit heilt anna studentsenter no. Men altså i mi tid var dette staden for veggaviser, politiske diskusjonar, konfrontasjonar.
Eg var svært aktiv i Bergen Kristelige Studentlag, som samla hundrevis av studentar til bibeltimar, bibelgrupper, laurdagsmøte og mykje anna. Faktisk var me så mange at bibeltimane måtte flyttast frå det mindre til det største auditoriet, som me fylte. Og me hadde bokbord kvar veke midt i vrimlearealet på Senteret.
Der måtte me vere førebudde på at folk kunne komme og spørje om bøker og småhefte eller angripe oss for tru og praksis. For oss var det om å gjere å vere i stand til å kunne forsvare trua og møte innvendingar. Og då kjem me til det som er mitt store anliggende i dag: Bøker kan hjelpe oss, ikkje berre til å fylle tida på ymist vis, men til å tenkje gjennom kva me trur og kvifor me gjer det. Her vil eg nemne nokre døme på bøker som gjer nett dette.
Eg skreiv hovudoppgåve innan amerikansk litteratur, om poesi frå 2. verdskrigen. Ikkje nett det mest oppløftande ein kan velgje, men interessant nok. Sjølvsagt stod eg fast mange gonger. Midt i ein slik situasjon kom eg over ei bok som verkeleg opna dører for meg. Litteraturprofessor James W. Sire gav i 1976 ut The Universe Next Door: A Basic World View Catalog, som har kome i mange utgåver og opplag seinare og blitt brukt som kjernepensum i mange universitetskurs.
Boka viser korleis det inne i ein skriven eller tala bodskap ligg grunnleggjande oppfatningar om verda, mennesket, kva som må til for at me skal få orden på problema i verda, grunnlaget for etikk og mykje meir. For ein litteraturvitar er ei slik tilnærming gull verd. Brått begynte eg å kunne setje klargjerande ord på kva som fanst i fiksjon og sekundærlitteratur og ikkje minst i forelesingane til universitetslærarane. Eg fekk reiskap til analyse og hjelp til å tenkje sjølv.
Omlag samstundes blei eg kjend med Os Guinness, som har skrive mange samfunnsanalytiske bøker, m.a. The Dust of Death, om den politiske radikalismen på 60- og 70-talet og korleis kristne kan møte dei ulike utfordringane frå ny-marxisme og andre rørsler. Her og fekk eg begrepsapparat og perspektiv på dei fenomena me stadig møtte i vårt nærmiljø. Eit viktig poeng er og at diskusjonen var levande i Studentlagsmiljøa, ettersom me tok alvorleg vårt kall til å vere motkultur.
Før desse to forfattarane hadde me alt oppdaga den amerikanske kristne filosofen Francis Schaeffer og kjent universitetslærar og forfattar C.S.Lewis. Dei gav oss mykje både for tanke, tru og følelsar, Lewis ikkje minst gjennom Narnia-serien og den kosmiske trilogien sin.
Og som ein del av NKSS (Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag) sitt arbeid gav Credo forlag ut det som blei kalla småhefte: temahefte om sentrale dogmatiske og etiske spørsmål, der me på tilgjengeleg vis fekk innsikt for oss sjølve og for apologetikkarbeidet me stadig stod i.
Desse bøkene finst og blir brukte framleis. Heldigvis finst det og nyare skandinaviske og norske forfattarar innan apologetikk. Stefan Gustavsson, tidlegare i den svenske lagsbevegelsen, har skrive mange bøker, m.a. Skeptikerens guide til Jesus, del 1 og 2, Gjør som Gud – bli menneske, Kristen med god grunn: om sannhet i en tid fylt av tvil.
Bjørn Are Davidsen, kjend frå mange innlegg i avisspaltar, har gjort ein stor innsats for å analysere det som kan kallast myter om kristen tru, misforståingar om kristendom som har blitt sementerte i offentlege debattar og i lærebøker. Eg nemner av han Lurt av læreboken? og Da jorden ble flat. Grill en kristen (to utgåver) gjev svar på mange av innvendingane og spørsmåla studentar kan ha. Det er ikkje minst viktig at foreldre, besteforeldre og lærarar kjenner desse bøkene og kan vise ungdommane sine at dei finst.
Det er ingen grunn til å tru at det er enklare å vere kristen elev og student i dag, snarare tvert i mot. Angrepa kjem ikkje berre frå politisk hald; no skal det mykje mot og kunnskap til for å stå for klassisk kristen etikk, t.d. Media si latterleggjering av konservative synspunkt gjer livet ganske vanskeleg for ungdommar som lever midt i mediarøyndomen.
Difor trengst både tankestoff og eit stødig kristent fellesskap som kan vere ein følbar motkultur. Det er eit faktum at mange kristne elevar opplever mobbing for sine standpunkt. Dette er som oftast ei ikkje-sak i media. Difor må vaksne kristne vere tydelege førebilete for ungdommane sine.
Det er anstrengjande å tenkje konstruktivt kritiske tankar, det kostar både pengar, tid og innsats. I mi tid på universitetet høyrde eg fylgjande: fyrst skal me lese pensum, så skal me setje oss inn i kritikk av dette, så må me finne ut av korleis dei to heng saman. Skikkeleg anstrengjande kan det vere, men det er likevel verd det.
Me ynskjer å hjelpe den yngre generasjonen til å tenkje kristent. For mange studentar misser trua i møtet med -ismene i studiet (det finst andre grunnar til at dei sluttar i kristne fellesskap og). Å få hjelp til å tenkje som Guds ord er heilt livsnødvendig.