Tre eller fire store


Av Siv Peersen

Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie var lenge rekna for å vere dei fire store innanfor norsk skjønnlitteratur. Bjørnstjerne Bjørnson var superstjerne i Norge på slutten av 1800-talet, ein slags landsfader lenge før Einar Gerhardsen. Samfunnsengasjert, opptatt av nasjonsbygging, fred, språk, og kvinner si stilling i samfunnet mellom anna. Då eg studerte litteratur ved Universitetet i Bergen for omtrent ti år sidan, fordjupa eg meg i Bjørnstjerne Bjørnson sin brevkorrespondanse. Det var mange som kontakta han, slik folk gjer med kjendisar i dag, blant anna ei ung Amalie Skram. Det var svært interessant å lese kva dei to skreiv til kvarandre, og kontakten heldt fram i mange år.
I eit av breva nemnde Amalie Skram at ho ville bli forfattar. Nei, skal du bli forfattar, svara Bjørnstjerne Bjørnson (fritt etter minnet), har du spurt mannen din om det er greitt? Som vi veit blei Amalie Skram forfattar, og forfattarnamnet hennar lever i beste velgåande. Eg trur ikkje Aleksander Kielland eller Jonas Lie blir mykje lesne i dag, det same med forfattaren Bjørnson, sjølv om det er skrive metervis med biografiar om han. Synnøve Solbakken og En glad gut er jo klassikarar, men teaterstykke som Kjærlighed og Geo og Når den nye vin blomstrer er ikkje ofte å sjå på scenen, heller ikkje Over ævne I og II, der temaet forresten er kristen tru.
Ibsen derimot. Peer Gynt tar stadig turen til Dovregubbens hall, Nora held fram med å forlate Helmer og Vildanden kvekker på scenar rundt om kring på kloden. Ibsen er den mest spelte dramatikar i verda etter Shakespeare i følgje Wikipedia. Eg har høyrt at han budde i det som er lokala til Bergen Kristne Bokhandel då han blei tilsett av Ole Bull for å instruere på Den nasjonale scene i åra mellom 1851 og 1857.
  Kanskje han gjekk fram og tilbake på golvet i bokhandelen i kjent positur med hendene på ryggen mens han tenkte på komande storverk? Eg veit ikkje, men sikkert er det at han gifta seg med Susanne Thoresen frå Bergen.
Det får meg til å tenke på mi gode veninne Susanne frå Sverige, og Bergen Kristne Bokhandel sine tre store svenske forfattarar. For meg er det Peter Halldorf, Magnus Malm og Thomas Sjödin. Desse er skattar i hyllene.
Bøkene til Halldorf likar eg fordi han som skriv ut frå ulike kyrkjelege tradisjonar, formidla på ein måte som seier noko om einskapen mellom oss kristne. Han tar for seg ørkenfedrane frå 300-talet, ortodoks tru, tradisjonen frå den katolske kyrkja og pinsekarismatikk. Bjerka Säby i Sverige, det fantastiske slottet eigd av pinsekyrkja han var pastor i mange år, har ein Øvre Sal. Det er eit heilagt rom som eg unner alle å besøke, der ein kan oppleve Anden sitt nærvær. 
Bøkene til Halldorf er prega av respekten det heilage, og fleire har ordet heilag i tittelen.
Når det gjeld Magnus Malm, har eg lese fleire av bøkene grundig og blitt møtt på djupet. Det kan somme gongar vere utfordrande, men det treng vi òg i kristenlivet. Malm er opptatt av samfunnet, og brenn for å setje Guds folk i stand til å vere gode tenarar på Jesu vis i verda.
Tomas Sjödin har kanskje ein lettare tone, men han har den gode evna at han kan vere både djup og enkel på same tid. Det er ein kunst. Eg elskar bøkene hans, tonen, humoren og varmen som gjennomsyrer dei. Hans ustoppelege nysgjerrigheit og ønsket om å finne ut av samanhengar i livet og i trua, oppmuntrar meg. Siste boka hans heiter Lyden av stillhet. Stille har vi fått mykje av siste året. Sjølv minnast eg starten av pandemien då vi sto i vindauga og sa til kvarandre: Sjå, der går ein katt over vegen. Med Sjödin kan vi verkeleg bli ven med stilla.
Sjølv om Halldorf, Malm og Sjödin er mine tre store (svenske) i bokhandelen, er det  fritt fram å lage sine eigne lister. Kva med fire store andaktsbokforfattarar? Fem store kristne romanforfattarar? Fire store apologetar, fire store kristne lyrikarar osb. Det er berre å setje i gang med å lese og kåre.
Her kjem tre utvalde frå kvar av dei tre store svenskane:
Halldorf:
Inn i mysteriet: Ypparleg å fordjupe seg i fastetida fram mot påske.
Hellig år: Om lys og eld. 9 betraktningar om Den heilage ande.
Derfor sørger jorden: Korleis trua på Jesus gir håp, også i møte med dagens klimatrussel.

Malm:
De stumme bildene: Om maskene vi ifører oss, og om falske og ekte gudsbilde. Ei djuptgripande bok.
Fri til å følge: Om å vere ei kyrkje i Jesu fotspor, m a spanande betraktningar om surdeig.
Fri til å tjene: Akk, kor lett vi har får rote oss borti villeiande praksis i vårt kristenliv. Malm leier oss på plass, som ein god hyrde.

Sjödin:
Lyden av stillhet: Sitat frå boka: «Stillheten er innholdsrik. Amen, halleluja». Ja, slik kan det seiast. Sjødin snakkar om det skjulte indre livet som forlokkande og spennande. Han er også innom tema som lydforureining i havet, og tøtsjar med det Halldorf si bok om klima.
Stol på at det lysner: Ja, det må vi gjere. Berre tittelen gir oss mot. Frå brettekanten: «Livet er ikke særlig barmhjertig. Det er derfor vi må være det. Uten unntak og alltid».
Den som finner sin plass tar ingen annens: Om å finne seg sjølv og sin plass i kristenlivet, å oppfylle draumar og kjenne at ein betyr noko for andre.