«Det er alltid vinter og aldri jul», vert det sagt om livet i Narnia under Heksa Hvit. Denne utsegna kan vere noko av grunnen til at eg opplever «Løven, heksa og klesskapet» av C. S, Lewis som ei julebok. Eg kan ikkje minnast at eg har lese boka akkurat i høgtida, men eg har sett filmane på denne tida av året. Det er ei mektig stemning over Narnia som harmonerer med jula.
Den nemnde Narnia-boka, som var den første og vart den mest kjende av dei sju i serien Lewis gav ut kort etter krigen, rommar noko av det jula handlar om: Skilnaden det gjer at Aslan kjem. Løva som er «ikkje er tam, men god», er Kristus-figuren i universet som Lewis skapte. Når Aslan er «on the move», smeltar snøen. Då nærmar det seg oppgjer med vondskapen, då vert det forsoning, då får skuldige ein ny sjanse. Mørket må vike for lyset, sorga for gleda, frykta for håpet.
Ei anna vakker forteljing for høgtida er «Papa Panovs juledag» av Leo Tolstoj. Den gamle skomakaren Panov innstiller seg seg på å feire åleine når julefreden sig over den vesle russiske landsbyen der han bur. Både kona og borna hans er døde. På julaftan finn han fram Bibelen og les juleevangeliet. Han vert rysta over korleis Maria og Josef vert avviste når dei kjem til Betlehem. Panov snakkar høgt ut i det tomme rommet om korleis han ville teke imot dei og det nyfødde barnet med det vesle han har. Under lesinga vert han etter kvart så trøytt at han sovnar. I ein draum kjem Jesus til han og lovar at han vil gjeste Panov på juledagen.
For lesarar som ikkje har lese denne vesle forteljinga tidlegare, skal eg ikkje røpe korleis det går. Men det er ei historie som både klarnar tanken og varmar hjartet. Å setje av nokre minutt til å lese denne høgt saman i jula er vel verdt tida. Du finn henne på nettversjon hos Nasjonalbiblioteket her: https://www.nb.no/nbsok/nb/38ab9008040eb22f4e3f26a06a6f8960?lang=no#21
Ein tredje tekst for høgtida som stadig held seg, er «En julefortelling» av Charles Dickens. Som forteljinga til Tolstoj er dette ein klassikar frå 1800-talet. Hovudpersonen Ebenezer Scrooge hatar jula, men vert på skremmande vis klar over kva som kan verte frukta av den forbitra livshaldninga hans. Dette gir høve til ein ny start. Scrooge har forresten gitt namn og fleire karaktertrekk til onkel Skrue i Walt Disneys univers. Scrooge får erfare kor fattig ein kan verte om ein er grådig, og kor rik ein kan verte om ein er raus.
Jula handlar ikkje først og fremst om gåver vi gir kvarandre, men om ei gåve Gud gav til oss. Han gav seg sjølv. Alt anna som vert gitt, er bleike avspeglingar av dette. Verdien av at vi deler og bryr oss skal vi likevel ikkje undervurdere. Dei gode forteljingane kan minne oss om dette.
Jula opplevest av mange som ei tid for oss og våre næraste. Det er fint og verdifullt, men i all trivselen kan det vere ein fare mister blikk for kva høgtida handlar om. Dei gode tekstane kan opne augo våre for kva juleevangeliet dreiar seg om. Dessutan kan dei minne oss om at dette er ei «glede for alt folket» som englane song over Betlehemsmarkane. Som medmenneske har vi ansvar for å dele både dei åndelege og timelege goda med kvarandre.
Samstundes må vi då risikere at forteljingane kan ruske litt i oss. Ikkje minst sjølve juleevangeliet gjer dette dersom vi tek det inn over oss. Det er ikkje sjølvsagt. «Nussifisering har gjort juleevangeliet kraftesløst i all vår makeløse velstand. Det guddommelige frelsesdramaet er redusert til en rekvisitt, en underordnet detalj i vår feiring», skreiv NLA-professor Paul Otto Brunstad på bloggen sin for ein del år sidan.
«En sann julefeiring fordrer et ydmykt og ærefullt møte med Den fremmede Gud, et møte der både hans menneskelighet og hans guddom æres og tilbes. Først da vil vi igjen kunne komme i kontakt med julenatts dypeste mysterium, først da vil Den fremmeds rikdom og nåde på ny kunne bli oss til del», skreiv Brunstad vidare.
I år vert det smått med julebord. Dei fleste av oss vert nok meir enn metta på mat likevel. Viktigare kan det vere å spørje om vi er svoltne på juleord.