Sommarens meny

Om vi ikkje rullar på vegen heile tida, er sommaren ei god tid for ro til å lese. Når dette blir lese, er det helst seinsommar. Framleis er det høve til ei bok eller to før haustsleppet tar til. No, før alle dei nye bøkene kjem, kan det vere nyttig å sjekke gamle menyar.

Vel, så gamle treng dei ikkje vere. Det kan vere bøker frå siste året eller dei siste åra som vi berre ikkje rakk over. Sjølv utsette eg Tania Michelet si bok Min egen vei til juni. Ei interessant, avslørande og givande bok om korleis ho med oppvekst i kommunistisk ideologi tidleg såg ei anna retning. Som vaksen tok ho steget over i det som ho alltid hadde sett mot og ville tru på. Vegen til Jesus blei kronglete, men den førte fram.

Familien Michelet har språket i si makt. For meg blei det interessant å sjå hennar refleksjonar rundt bruken av ordet «progressiv», som var ordet for den absolutte dedikasjon til revolusjonen. Det kan vere til ettertanke for den veksande identifikasjonen med det same ordet både i dagens kulturradikale elite og hos yngre, bibelkritiske teologar.

Tarjei Gilje, redaktør i Dagen, har over tid «mast» om sin fascinasjon for bøkene av Sørine Godtfredsen. Eg huska ikkje heilt namnet hennar, så eg gjekk til Bergen Kristne Bokhandel og såg etter bøker av Gurine Sørensen. Til slutt stod eg med boka Fri oss fra det onde i handa, og det skal avisredaktøren ha; dette var ei svært god og tankevekkande bok der ho set lyset på avgjerande spørsmål om vondskap og synd og om sunn og sann erkjenning av dette i vår kultur. Ho kastar lys over dette ut frå Luthers grunnleggande trusopplevingar. Eg er freista til å ta fatt på ei bok eller to til av den danske teologen og journalisten. Kanskje held eg fram med noko av det ho har skrive om Søren Kierkegaard.

Aldri ein sommar utan eit større, klassisk leseprosjekt. I fjor blei det Johan Falkbergets fire bøker om Nattens brød. Når eg først var komen inn i Røros-diktarens univers og hans einestaånde bruk av språk, heldt eg denne sommaren fram med dei tre banda av Christianus Sextus frå 1700-talet. Midt i ein teknisk gruveterminologi som stundom blir for heftig å følgje med på, stig det fram ei rekke person- og miljøskildringar som gjer sterkt inntrykk. Falkbergets skyggar ikkje unna for å skildre den kristne trua sin heilt sentrale og naturlege plass, og menneska sin kamp med Gud og med dei vonde kreftene.

Siste rett på min sommarmeny har vore tekstar frå oldkyrkja. La meg særleg framheve Luther forlag sin serie Vitnesbyrd fra kirkefedrene som kom frå 2010 til 2014 med Dagfinn Stærk som redaktør, og som stundom truleg kan vere å finne i BKB si antikvariske avdeling. Spesielt vil eg legge inn eit ord for biskop Athanasius si bok Guds Ord ble menneske. Her er djup av innsikt og her er oppbygging for trua. Det er nærast ufatteleg at han truleg skreiv denne boka i ein alder av om lag 20 år. Dei 57 stykka er så korte at dei gjerne kan brukast som daglege andaktstykke. Litt annleis enn moderne andaktsbøker, men utbyttet kan bli rikt for den som vil prøve.

Rolf Kjøde, førstelektor NLA Høgskolen