Reepicheep

November er ein månad for avslutningar.  Hausten er så definitivt komen.  Plantane og trea held ut så lenge dei kan, men eg ser i hagen at det er strabasiøst for dei.  Og kjem frosten mot slutten av månaden, som i år, gjev dei seg over til vinterdvalen og kvild.

I kyrkjeåret, som er ein god rytme, er både Allehelgenssundag og Domssundagen fulle av avslutningar. Me blir minna om realismen i livet:  Det tek slutt, og me må vere førebudde på alle vis på det.  Rundt oss er det mykje flukt og fornekting, og difor er det vanskeleg å snakke skikkeleg om alvoret. Døden er i stor grad gjort til underhaldning i media, eller han blir trylla vakker gjennom ord. Det siste er svært vanleg når det uunngåelege skjer, og me ikkje kan springe vår veg.

Noko av det eg set pris på med Narnia-bøkene til C.S.Lewis, er nettopp framstillinga av døden.  C.S.Lewis kom frå Nord-Irland, men budde store deler av sitt liv i Oxford, der han studerte og seinare underviste på universitetet. Dei siste åra var han professor på universitetet i Cambridge.  Som barn miste han mor si, han kjempa i skyttargravene i Frankrike i 1. verdskrigen, og då han skreiv barnebøkene om Narnia på 1950-talet, var 2. verdskrigen framleis tilstades i liv og tenkjing. Alt dette er ein del av bakteppet i bøkene. Det herlege er at sjølv om kamp og strid, også fysisk, er heilt nødvendige fenomen i Narnia-livet, er det framstilt på ein slik måte at også born kan få eit realistisk syn på døden, men utan å miste motet og lysten til å leve. Eg trur mange born – og vaksne for den del – som har opplevd døden på nært hald, kan få bearbeidd  tankar og ikkje minst kjensler gjennom å lese Narnia.

Reisen til det ytterste hav (The Voyage of Dawn Treader) er på alle vis ei av dei siste bøkene i serien. Dawn Treader er namnet på eit staseleg skip som Edmund og Lucy, to av dei fire Pevensie-borna frå den fyrste boka, samt fetteren deira, Eustace, brått kjem i kontakt med gjennom eit magisk maleri i huset til Eustace og foreldra. Og så blir dei tre ein del av mannskapet på skipet, som er på veg for å finne sju bortreiste, bokstaveleg tala, adelsmenn frå Narnia, eventyrarar som sette ut for å gjenerobre øyar som eigentleg høyrde til Narnia.  Turen er full av spennande møte med slavehandlarar, usynlege og tilsynelatande farlege einfota skapningar, eit stort mørke og mykje, mykje meir. I alt dette er det fylgjande moment eg særleg vil fokusere på:

Sjølve sjøreisa er saka denne gongen.  Skipet skal austover mot soloppgangen (Dawn Treader), der alt tek til, og der Narnia grensar mot løva Aslan sitt rike. Aslan er sentral i alle bøkene:  ei majestetisk løve, som samstundes er nær borna og gjev dei hjelp og tryggleik i alle slags situasjonar. I Løva, heksa og klesskapet gjev Aslan sitt liv for å berge Edmund, men han får liv att, som Jesus.  I vår bok denne gongen er båten og alle ombord på veg dit Aslans rike er, og etter kvart som dei dramatiske hendingane utfaldar seg, må mannskapet velgje om dei faktisk vil dette prosjektet, som på mange måtar er utrygt og farefullt.

Livet på skipet minner sjølvsagt i alle fall vaksne lesarar om livet, eit usikkert prosjekt med mange utfordringar, slag, problem, gleder, fellesskap og forhåpentlegvis eit mål.

Den mest sjarmerande og fornøyelege personen ombord på skipet er musa Reepicheep. C.S.Lewis skaper i Narnia eit univers med dyr som kan snakke.   Alle dyr kan ikkje det i Narnia sine naboland, men det er noko av det slåande med denne verda, der Aslan kjem og går, at både dyr og resten av skaparverket kan kommunisere verbalt.  For dei av oss som er glade i dyr, er dette ekstremt kjekt.  Og så minner det om Romarbrevet, kapittel 8, der det står om korleis heile skapningen vart lagt under begrensingar og liding etter syndefallet og no lengtar etter at Guds born skal bli frie, også dei!

Reepicheep har eit mot me berre må beundre.  Han er fullstendig uredd i møte med mykje større vesen, t.d. er det hans fryktlause leiareigenskapar som bergar båten frå å bli klemt til pinneved av eit sjøuhyre. Han bryr seg lite om at han er liten og farane som truer, er enorme i samanlikning. Det viktige er at han er ein riddar med ideal om ærleg kamp, mannsmot, lojalitet mot Aslan og målet Reepicheep har fått for livet, som er å reise til grensa for Aslans rike og der forlate dei andre og bli hos Aslan.  Dette har han som leiestjerne i alle situasjonar, og difor kan han gje eit avgjerande ord til fellesskapet når forvirringa er stor.

Etter mange strabasar og prøvingar kjem dei til slutt der Narnia og Aslans rike møtest. Grensa er ei bylgje, som Reepicheep padlar over og gjennom i sin vesle båt.  Og så er han borte.  Det mest påfallande er kor oppslukt han er av det han skal få sjå hos Aslan.  Dette er det ultimate eventyret, som han har førebudd seg på heile livet, og som han møter heilt utan frykt.

Lucy, Edmund, Eustace og prins Caspian, leiaren for ferda, finn så ei strand der dei møter eit lam.  Dei blir inviterte til eit måltid, og brått er lammet løva Aslan.  Lucy er fullstendig  tillitsfull i møte med Aslan, og likevel har ho djup respekt for han. Og så er borna ganske fort attende i huset til Eustace, forandra og likevel dei same.

Korleis kan me tenkje om døden?  Reepicheep har ei bibelsk tilnærming.  På den andre sida er Aslan, og det er det som betyr noko.Difor er den vesle musa fryktlaus. Tilliten til Aslan har vist seg slitesterk i alle slags farar, og det kjem vel med når Reepicheep møter den siste bylgja.  Og borna lærer på slutten av historien at Aslan også er i deira verd, men der har han eit anna namn, som dei må lære. Slik opnar forfattaren på ein lite påtrengjande måte for utforsking av kven Aslan kan vere i vårt univers.

Den siste boka i Narnia-serien, Det siste slaget (The Last Battle), utviklar temaet vidare. Her er den individuelle døden også, men fyrst og fremst avviklinga av verda Narnia. Dei sentrale personane møtest att i Aslans verd, etter kamp og strid og etter at det vonde har gjort uoppretteleg skade i Narnia. Men den nye verda er ubeskriveleg herleg, så alle sår blir lækte og all skade blir gjenoppretta. Her er barneversjonen av Openberringsboka sin avslutning. Og gjennom borna sine positive opplevingar av dette dramaet, kan ein lesar bruke sin fantasi til å oppleve ei jord si undergang som godt nytt.

Bøker:

C.S.Lewis,  Reisen til det ytterste hav

C.S.Lewis,  Det siste slaget

Film om C.S.Lewis:  cslewismovie.com