PÅ HJERTET

Barneborna kjem på besøk! Eller kanskje born ein er tante/onkel eller grandtante/onkel til. Eller andre born ein har kontakt med for den saks skuld. Kva aktivitetar skal ein planleggja? Mange born no for tida opplever så mykje at ein kan føla det er vanskeleg å vera konkurransedyktig: opplevingsparkar, bursdagsselskap på ulike typar aktivitetssenter – for ikkje å snakka om grenselaust mange program og spel på skjerm. Kva har eg å stilla opp med, kan ein spørja seg?  Kanskje vi treng å oppmuntra kvarandre.  Det trengst ein landsby for å oppdra eit barn, heiter det. Så her kan mange delta. Men eg håpar også foreldre kan bli inspirerte.

Eg tenkjer at det viktigaste ein person som har med born å gjera, kan tilby, er seg sjølv. Det er ingenting som trumfar denne personlege relasjonen. Born er ofte hungrige på nærkontakt med vaksne. Så kva med å bruka denne relasjonen til å formidla kristen kunnskap til borna?

Skulen gir ikkje lenger den formidlinga av bibelkunnskap og kristent livssyn som den gjorde tidlegare. Ein kan klaga over det, men det er ikkje ein sjølvsagt ting at det offentlege skal ta seg av dette. I dei fleste land har ein vore vane med at ein ikkje kan overlata kristendomsopplæringa til skulen. Vi har i stor grad gjort det, men det går ikkje lenger. Opplæringa i kristentru må no vera dei kristne forsamlingane og heimane sitt ansvar. I ein del land har ein ikkje eing gong lov å formidla trua til borna. Men i vårt land kan vi gjera det. La oss bruka den muligheten!

No er holdningane til kristentrua ulike også i vårt land, og det er viktig å respektera foreldra si meining. Eg tenkjer at dersom foreldra har bore borna sine til dåpen, så har dei forplikta seg til å gi dei ei kristen oppseding, og då kan besteforeldre og andre frimodig dela kristen litteratur med dei. Dersom borna ikkje er døypte, bør ein respektera foreldra si avgjerd og la vera å gi eller lesa denne typen bøker til dei, eller spørja på førehand kva foreldra ønskjer.

Det er kjekt å vera med og gi borna eit forhold til bøker alt frå dei er babyar, og der finst små babybøker i stoff som dei kan begynna med. Så er der bøker for ulike aldrar, små bøker med illustrasjonar og enkle setningar om Gud som Skapar eller Jesus som venn. Etter kvart er barnet klar for bibelforteljingane. Utvalet av barnebiblar og bøker med bibelforteljingar er bra no for tida. Somme barnebiblar tar seg etter mitt syn litt for stor fridom i forhold til originalteksten. Eg tenkjer det er unødvendig. Forteljingane er så gode slik dei er. Det er greitt at dei blir fortalt på ein tilrettelagt måte for born. Men eg er redd for at dersom ein har tatt seg for stor «dikterisk fridom», så vil borna bli skeptiske når dei seinare oppdagar at det ikkje står slik i den «ordentlege» bibelen. Kva skal dei då stola på? Derfor er det lurt å sjå gjennom barnebibelen for å sjekka korleis forteljingane er gjengitt, eller spørja i bokhandelen om det. Bibelforteljingane er ein rikdom, eigna til å fascinera born og utfordra forestillingane deira. Illustrasjonane i barnebiblane er ein viktig del av formidlinga, og ein bør sjekka dei før ein bestemmer seg. Utan å vera kunstnar gjer eg meg opp ein del meiningar om korleis bileta fungerer: er dei tilpassa aldersgruppa barnebibelen er laga for, levandegjer dei forteljinga, er dei i bra harmoni med den kulturen forteljinga er planta i, vil dei fanga interessa til borna? Eg skal ikkje nekta for at eg også har min personlege smak, og det er kjekkare å dela med andre noko ein likar sjølv.

Bokhandelen har ikkje berre barnebiblar, men også forteljingsbøker for born, som på ein naturleg måte integrerer kristne verdiar og kristen tru. I vår tid er både born og vaksne så omgitt av eit sekulært samfunn at ein treng noko supplement og motvekt. Det kan bety mykje for borna å bli kjende med bøker som skildrar born og unge som har ei naturleg, positiv tru på Jesus. Å lesa om  familiar der den kristne trua blir uttrykt ved at dei ber saman og har Gud med i kvardagen på ein sjølvsagt måte, kan gi borna aha-opplevingar eller større tryggleik i forhold til si tru. Det er ikkje alltid lett å finna den rette boka til den/dei borna dei er tiltenkte. I Bergen Kristne Bokhandel er bøkene organiserte etter kva aldersgrupper dei passar for, noko som er ei god rettesnor.

Eg har eit forslag til besteforeldre, tanter og onklar og andre som er så heldige å ha born i sin nære omgangskrets. Sjå litt gjennom barnebiblar, songbøker og andre barnebøker i bokhandelen og vel ut nokre som du tenkjer kan vera fine å begynna med som inspirasjons- og opplæringsbøker for borna du har kontakt med. Etter kvart kan du utvida repertoaret.  Eg trur det er lurt ikkje å vera for ambisiøs. I alle fall er det slik for meg at då blir det gjerne ikkje noko av.

I dag har eg lyst til å slå eit særleg slag for høgtlesinga. Sommaren er ei flott tid å starta. Kanskje skal ein ha borna nokre dagar fordi foreldra må jobba, mens borna har fri frå skule eller barnehage. På Vestlandet pleier vi få ein del regnversdagar også om sommaren, og slike dagar er som laga for gode høgtlesestunder. Born elskar oppmerksomhet og nærvær med vaksne som bryr seg. Å sitja på fanget eller tett i sofaen og lytta til høgtlesing kan gi svært verdifulle opplevingar av tryggleik og varm tilhøyrsle, som blir kopla saman med opplevingane av forteljingane. Det er ei kjent sak at vi overfører eigenskapar frå foreldre og andre viktige personar på gudsbiletet vårt. Tenk å la borna få oppleva forteljingane om Gud og Jesus i ein samanheng der dei kjenner seg elska og verdsette! Det kan setja djupare spor enn vi anar.

Ved at ein god, trygg vaksenperson i barnet sitt liv formidlar forteljingar om Gud og Jesus, kan barnet få hjelp til å utvikla eit grunnleggjande trygt og positivt bilete av Gud som ein som er glad i dei og som dei kan stola på. Ekstra verdifull kan lesestunda bli dersom ein gir rom for spørsmål og samtale med plass for undringa, der ein kanskje oppdagar ting saman med borna. Etterpå kan borna få teikna til det dei har høyrt.  Det er utruleg kor mange ting born har lagt merke til og tenkt på, som kjem fram viss dei får i oppdrag å teikna til bibelforteljingar. For bibelforteljingane er fantastiske. Små born kan gripa dei, og lærde vaksne kan aldri bli ferdige med å utforska dei.

Vi er alt i ferd med å få oppveksande generasjonar som ikkje kjenner til forteljingane i bibelen som vi eldre tar for sjølvsagt, generasjonar som manglar heilt grunnleggjande kunnskap om den kristne tru. Tenk om besteforeldre og andre vaksne som har med born å gjera, kan vera med og motverka denne utviklinga?