PÅ HJERTET

Det er mange måtar å lese Guds ord på. I bokhandelen har vi fleire bibelleseplanar som passar til ulikt bruk, anten ein vil lese om Guds mektige plan for mennesket frå A til Å eller lese med større variasjon gjennom eit år.
            Å gå djupare inn i og bruke tid på enkelte vers eller kapittel er også muleg. Til dømes Johannes 17, Jesu ypparsteprestlege bøn, av dei siste orda han gav oss før han gjekk krossvegen. Her bad han oss kristne om å vere eitt. Elske kvarandre. Når vi gjer det, skal verda sjå det og ta i mot han.
            Det hender eg tenker at vi har eit stykke igjen. I alle fall viss eg uheldigvis les kva somme kristne skriv om trussøsken på Facebook og i kristne kommentarfelt. Då kan «dei andre» si tru eller mangel på tru bli dissekert, det skin gjennom at det er ganske mange som ikkje har nok tru eller rett tru, men lita eller feil tru.
            Som om vi er utstyrte med måleapparat og ser inn i andre sitt hjarta og kan måle trua deira. Heldigvis er det berre Gud som kan dette. Vi ser til det ytre, men han ser til hjarta. Vi kjem alle til kort. Eg greier ikkje å sjå at den utstrekte målinga og dissekeringa er i samsvar med Johs 17. Då hadde vel Jesus sagt det annleis. Mål andre si tru flittig, hadde han vel sagt då. Kritiser kvarandre, særleg dei du er ueinig med. Sukk og stønn over dei som har ulike syn på tinga, som tolkar Bibelen annleis enn deg. Få tydeleg fram at du og di kyrkje er dei einaste som har skjønt det.
            Men han sa ikkje det.
            Elsk kvarandre, sa han. Dette «kvarandre» er gjenteke ganske ofte i Bibelen. Kvarandre, dei andre.
            «Dei andre» kan vere kristne i folkekyrkja, og då særleg biskopane, det kan vere katolikkane, pinsevenene, metodistane, adventistane, dei frikyrkjelege og så bortetter, alt etter ståstaden min. I så måte har det vore kjekt å jobbe i Bergen Kristne Bokhandel i desse tre, nesten fire åra. Det har vore kjekt å selje bøker frå mange kyrkjesamfunn, også dei eg ikkje naudsynleg er einig med i alt.    
            Kvifor ikkje plukke opp ei bok som ein av «dei andre» har skrive, og med det få innblikk i korleis verda ser ut frå eit anna perspektiv?
            Med det seier eg takk for meg, både i butikken og som «På hjertet»-skribent. Her er nokre anbefalingar:

            Kari Veiteberg: Bibelen på 200 sider (Den norske kyrkje, luthersk)
            Micah Goodman: Catch 67 (jødisk)
            Alexander Schmemann: Til liv for verda (ortodoks)
            Pave Frans: Laudato Si (katolsk)
            Kjell Aune: Det godt liv (adventist. Han har forresten eit interessant siste kapittel om kvifor det er så mange menigheiter på jorda).
            Gina Gjerme: Bro til tro (pinsekristen)
            Jan Rettedal: Som en av hans (frikyrkja)