På hjarta

Kor viktig er ei bok?

I Bergen Kristne Bokhandel har me nett flytta til nye lokale.   Ikkje langt, berre over gata og ned til Kong Oscarsgate, til eit av dei eldste husa i dette området av Bergen.   Det er frå 1702, like gammalt som Bryggen, Bergen sitt velkjende bidrag til Verdsarvlista til Unesco.  I samband med flyttinga har me sjølvsagt pakka ned, transportert og pakka opp att alle bøkene.  Eg har vore medansvarleg for antikvariatsdelen vår og har spurt meg sjølv heile tida:  Kor viktig er denne boka?   Skal ho opp att i hylla?   Kvifor eller kvifor ikkje?

I ein slik prosess har me kanskje tenkt på Forkynnaren sitt sukk:  «Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne, og mykje gransking gjer kroppen trøytt.» Heldigvis treng ikkje kvar av oss forhalde oss til alt som blir publisert, men me kan bli mødige av for mange bøker, og i vår tid, digitale publikasjonar.  Me gjer nok vel i å bruke sunn fornuft og disiplin i omgangen med både skrivne og tala ord, sjølv om det truleg er slik i vår visuelle kultur at ordet taper i konkurransen med bileta.

Og likevel:  Kor viktig er ei bok?

For berre nokre dagar sidan såg eg filmversjonen av klassikaren Pilegrims vandring, som eg las for veldig lenge sidan.  Det var forfriskande å sjå filmen, sjølv om det skal godt gjerast å leve opp til ei slik bok.  For denne boka har vore uvanleg viktig og innflytelsesrik.   Her er nokre fakta om ho:

Boka blei fyrste gongen publisert i 1678 og har vore gjeven ut kontinuerleg  seinare.   Ho er oversett til over 200 språk.  John Bunyan levde i England, og tre år etter at  boka kom, blei ho gjeven ut i Nord-Amerika og seinare også i dei andre britiske koloniane.  Ho har påverka mange forfattarar, m.a. Charles Dickens, Charlotte Bronte, Mark Twain, Louisa May Alcott, C.S.Lewis, John Steinbeck, for å nemne  berre nokre.  Musikk, musikalar, opera og altså filmar tek boka i bruk.   Og endå er dette berre litt av den kulturelle påverknaden  boka har hatt.

John Bunyan var i fengsel for brot på konventikkelplakaten i England, ein parallell til Hans Nielsen Hauge sin situasjon i Noreg.   Og som Hauge skreiv Bunyan,  fyrst ein biografi og så altså denne boka, som eigentleg er i to delar.  Bunyan skriv i mellomalderen sin tradisjon med Everyman,  ein person som representerer folk flest eller gjennomsnittsmennesket, meg og deg, og dette er nok i stor grad løyndomen til boka.   Her er Christian eller Kristen, som bryt opp frå sitt daglege liv og sin familie fordi han opplever alt tomt.  Han har fått ei bok i handa (Bibelen), og ut frå denne ser han seg sjølv og sitt liv som ei bør av synd.  Denne er så uuthaldeleg at han forlet alt for å bli kvitt det han ber på.   Han har som mål Den himmelske byen.   På vegen møter han personar og situasjonar som hjelper eller hindrar han.   Bunyan personifiserer freistingar, farar, eigenskapar og verdiar, og det er nok og ein av grunnane til boka si påverknadskraft.   Her er det ikkje abstraksjonar og generaliseringar.   Livet i verda er attkjennande og dramatisk og utfordrande.  Eit barn kan forstå framstillinga, og samstundes er her djupe sanningar for vaksne.

Eg presenterer eit døme frå den fyrste delen.  Christian og Faithful (Kristen og Trufast) kjem på vandringa si til byen Vanity Fair (Forfengelighetens marked), ein stad der alt ligg til rette for menneskeleg nyting, underhaldning, lyst.   Fordi dei to pilgrimane ikkje vil slå seg til ro der, men ynskjer ein annan by som mål, blir dei arresterte.  Det kan ikkje tålast i Vanity Fair at nokon opponerer mot nyting som livsmål.  Faithful blir torturert og brent, men Christian får ein ny medvandrar frå denne byen, Hopeful (Håpefull), som har sett og høyrt desse to.   Det har vekt ein lengt i han etter å finne ein rein og sann og evig plass, noko som er fullstendig annleis enn det han har opplevd så langt.

Av alle bøker i verda har Bibelen nær sagt sjølvsagt vore den mest selde, og slik er det framleis.  Men faktisk kjem Pilegrims vandring på ein god andreplass.   Det er altså ikkje Karl Marx, Hitler eller Mao som er der, sjølv om deira skrifter har påverka verda enormt gjennom ideologiane i deira bøker.   John Bunyan er eit døme på noko som tok til i fangenskap og i det veldig beskjedne, men som gjennom bøkene hans har spreidd seg til heile verda, og ikkje berre geografisk.  Her snakkar me om endra menneskeliv og samfunn, til det betre, som også Vishal Mangalwadi viser i boka Boka som skapte din verden.

Kor viktig er ei bok?   Så viktig kan ei bok vere.

Kjelder:

Wikipedia,  https://en.wikipedia.org/wiki/The_Pilgrim%27s_Progress (16.04.20)

Filmatisert versjon av The Pilgrim’s Progress, https://www.revelationmedia.com/watchpilgrims/?_thankyou=Y&fbclid=IwAR1r-d2Hai27NFRsxfmsS-p6B7A1xF1vktAAZepgs1JzDRy3AVahVACl1bY (18.04.20)