På hjarta

I bokhandelen har me mange interessante samtalar over bøker. 

Ein student kom ein dag  for å undersøkje kva som fanst av studiebiblar.  Dei har me ein del av, med ein stor ressursbibel som den mest omfattande.  Det viste seg at studenten no dreiv og utforska kva kristen tru var og innebar.  Han hadde ein annan type bakgrunn og ville no oppdage korleis han skulle lese Bibelen og lære å tenkje ut frå den.   Eg føreslo at me kunne bruke antikvariatet for å finne nyttige bøker om kristen systematikk og anna, m.a. kunne han der få hjelp av andaktsbøker.   «Kva er ei andaktsbok?» spurde han.  Det var eit godt spørsmål å bli minna om, det er absolutt ikkje opplagt at folk skal vite kva det er.

Ei andaktsbok er ei samling med som oftast ganske korte tekstar, gjerne ut frå eit bibelord eller bibelavsnitt. Om ikkje folk greier eller finn tid til å ha eit langt studium, kan andaktsboka hjelpe til samling og konsentrasjon om sentrale tankar i kristen tru. Andre har sett og opplevd noko viktig i livet som kristne og gjev det vidare.  Her finst mange nye andaktsbøker  for alle aldersgrupper. Nye tider må gjerne tolke dei grunnleggjande sanningane med nye ord.  Men eg held ein liten knapp på dei gamle andaktsbøkene, dei me altså  ofte har i antikvariatet.  Martin Luther, til dømes, har ei forfriskande og veldig sjelesørgjerisk andaktsbok, Gled deg, Guds menighet!  Luther har eg studert i ymse samanhengar, men då eg begynte å bruke andaktsboka hans, forstod eg lærefaderen på ein ny måte. Eg lika spesielt godt tonen i boka hans.  Øyvind Andersen, teolog og bibellærar i ein mannsalder, har ei grundig bok, Ved kilden,  med djup innsikt i kva evangeliet er. Den boka er også komen i nytt opplag i det siste.   Og slik kunne eg halde fram.

Men eg skal nemne  særleg ei samling med tekstar av C.S.Lewis, Gleden uten grenser,  eller The Business of Heaven på originalspråket.   Denne boka inneheld utdrag frå mange av bøkene til Lewis, tematisk ordna, delvis etter kyrkjeåret.  Dette er verkeleg ei bok til tenkjing, særleg til hjelp for dei som ikkje orkar eller kan setje seg inn i det store Lewis-universet av skrifter. Denne brukar eg som kveldslesing ofte, og i sommar var det altså eit utdrag frå Djevelen dypper pennen (The Screwtape Letters) som eg merka meg.  Bakteppet for meg var krigen i Ukraina.  C.S.Lewis hadde sjølv delteke i 1. verdskrigen og skreiv mykje medan 2. verdskrigen rasa.  I utdraget er det onkelen som skriv til nevøen, begge er djevlar og kjempar for å halde på menneska som Fienden (Gud) arbeider for å berge:

Selvfølgelig er krig underholdende…Men dersom vi ikke er forsiktige, vil vi få se at i motgangen vil tusener vende seg til Fienden. Titusener som ikke går så langt, vil likevel ha sin oppmerksomhet vendt bort fra seg selv og mot verdier og formål som de tror er høyere enn seg selv.  Jeg vet at Fienden misliker mange av disse formålene. Men det er der Han er så urettferdig. Han kaprer ofte mennesker som har gitt sine liv til formål Han ikke liker, med den uhyre spissfindige begrunnelsen at mennesket trodde formålene var gode, og fulgte dem etter beste evne.

Tenk også på alle de uønskede dødsfallene som skjer i krigstid.  Mennesker blir drept på steder der de vet de kan bli drept.  Derfor går de forberedt, om de i det hele tatt tilhører Fienden. Hvor mye bedre ville det ikke være for oss om alle menneskene døde på dyre pleiehjem, midt iblant leger som lyver, sykepleiere som lyver, venner som lyver, slik som vi har lært dem å gjøre.  (…) Og hvor forferdelig er det ikke for oss med den stadige påminnelsen om døden, som krigen fører med seg.  Et av våre beste våpen, selvtilfreds verdslighet, blir ubrukelig. I krigstid kan ikke engang et menneske tro at det kommer til å leve evig.  (Gleden uten grenser, s 228f)

Så langt frå Djevelen dypper pennen.  Det som kanskje også er klart i dette avsnittet, er at ei slik andaktsbok kan hjelpe med dei verkeleg vanskelege tankane: Kvifor krig?  Kvar er Gud når så mykje vondskap manifesterer seg? Andre har streva med lidinga si gåte, m.a., før oss. Dei har kanskje ikkje fått endeleg svar på alt, men det dei har tenkt,  kan hjelpe, mange før oss har stor innsikt i både Bibelen sitt materiale og mennesket sin situasjon.

Kjelde:

C.S.Lewis, Gleden uten grenser. Daglige lesninger. Ed. Walter Hooper.  Lunde forlag, 1984