ORDET OG ORDA

Eg har venta på at nokon skal stille meg følgjande spørsmål: «Viss du på hamnar på ei aude øy og berre kan ta med deg ei bok, kva bok vil du ta med?» For meg er svaret innlysande. Det er berre ei bok eg vil ta med meg til ei aude øy der eg må leve resten av livet aleine. Bibelen. Bøkenes bok.

I utgangspunktet var det ikkje sjølvsagt at eg skulle velje å ta med meg ein bibel til ei aude øy. Eg vaks opp i ein ikkje-kristen heim, og det var andre bøker som blei meir lesne der. Rett nok fekk eg Bibelen i konfirmasjonsgåve då eg var 15 – 1977-utgåva, revidert frå 1930, i raudt kunstskinn, med namnet mitt trykt i gullskrift på framsida. Gullskrifta hjelpte ikkje, Bibelen blei sett i bokhylla, uopna.

Bibler stablet på bord
Bibeltårnet (ikkje Babeltårnet) 🙂

I heimen vår las far juleevangeliet på julaftan, og så gjekk vi til kyrkje. Kyrkja var  frivillig, men eg blei med, for tida gjekk litt fortare då (i alle fall kjendest det slik). Eg kan ikkje hugse at verken utdraget frå Lukasevangeliet eller preikene på julaftan gjorde særleg inntrykk. Som ungdom og ung vaksen rekna eg meg som ateist. Eg sa det høgt òg, ved fleire høve, at eg ikkje trudde på Gud.
Heilt til eg var 33 år var dette mi «truvedkjenning». Så flytta eg til Kristiansand for å studere, og blei kjent med ein kristen familie gjennom barnehagen til sonen min. I løpet av ein haust og ein vår fekk eg gradvis opna opp ei ny og ukjend dør til det eg før hadde avvist, og i mars 1997 gav eg livet mitt liv til Jesus, vår trus opphavsmann og fullendar.

No opna eg den raude konfirmasjonsbibelen for første gong. Bokmerketråden låg på 1. Korintarbrev 13 – Paulus sin vakre hyllest til kjærleiken. Det var ei fin helsing til den nyfrelste meg. Etter kvart fann eg ut at eg trengde ein bibel med eit meir moderne språk, og gjekk til innkjøp av lommebibelen (Norsk Bibel si 1988-utgåve). Han var lett å putte i veska, og slik hadde eg alltid tilgang på Guds ord. Stor, svart predikantbibel var liksom ikkje meg. Denne lommebibelen har eg framleis, han heng så vidt saman ved hjelp av gummistrikk og tape. Fleire sider frå Mosebøkene har ramla ut. Det hender at eg tar lommebibelen med på tur når eg skal pakke lett. Det er alltid morosamt å opne han, og sjå kva eg streka under og noterte den gongen eg var flunkande ny på vegen.

Ein gong møtte eg ei dame som aldri streka under i Bibelen sin, ho meinte det var feil å favorisere enkelte gudsord framfor andre, for alt Guds ord er like viktig. For meg har det vore slik at enkelte ord og vers har kome til å bety mykje for meg i periodar i livet. Dei har vore trøyst i vanskelege tider eller til oppmuntring, styrke, formaning og leiing.
Etter kvart kjende eg behov for å lese Bibelen på hjartespråket, som er nynorsk, og det blei Norsk Bibelselskap si 1978/85 utgåve. Denne er òg temmeleg frynsete, i det omslaget er borte vekk. Ho har likevel fått tilhald i nedste nattbordskuff. Eg kan få bruk for å slå opp eit ord før eg skal sovne om kvelden, og då tyr eg til denne.

Då mor mi døydde for seks år sidan, var det eg som arva hennar konfirmasjonsbibel frå 1932. Ho gav ikkje uttrykk for at ho trudde så lenge ho levde, men eg fekk be for henne før ho døydde i ein alder av 95. Eg trur at ho er i himmelen saman med mine sju tanter og onklar, og at dei spelar og syng for Herren (fleire av dei var musikalske). Når eg les i Bibelen hennar, dukkar det stadig opp understrekingar og små kommentarar i margen. Då blir eg minna om at vi ser til det ytre, mens Gud ser til hjarta.

Eg har gløymt å seie noko viktig, og det er at for meg tok det tid å finne gleda i Ordet. I starten føltest det som om eg togg knekkebrød, og eg fekk lite ut av lesinga. Eg delte dette med ei kristen søster, og ho sa at Bibelen ikkje er ei vanleg bok, men eit levande Ord. Etter dette losna det. Det hjelpte også å skaffe ein engelsk bibel, Holy Bible (NIV, New International Version). Særleg Salmane tala til meg i den engelske utgåva, med sitt poetiske språk og oppsett. Eg har også fått engelske The Message i gåve, med eit kvardagsnært språk, fabelaktig parafrasert av Eugene Peterson.

Behovet for å lære meir har vakse på seg, og Bibelen Guds Ord Studieutgave blei kjøpt inn. The Woman’s Study Bible har også gitt meg mykje. I august 2017 kjøpte eg min førebels nyaste bibel, Bibelselskapet si omsetjing av 2011 med oransje omslag (som passa til ulike plagg og ei veske eg har (!) Eg gler meg over språket, som også fleire kjende norske forfattarar har vore med og arbeidd fram. Det oransje omslaget finst dessverre ikkje lenger, men i bibelavdelinga til Bergen Kristne Bokhandel er det mange andre fine utgåver og fargar.
 

I bokhylla mi har eg også ei bibelordbok og Strong’s Concordance i fall eg får behov for å vete kva grunnteksten seier på anten hebraisk eller gresk (men dei kan ikkje bli med til den aude øya). Det er useieleg spanande å lese i og studere Guds Ord, og vers ein har lese tusen gonger, kan opne seg på nye måtar ved hjelp av Den heilage ande. Men treng ein verkeleg så mange biblar? Først og fremst tenker eg at vi er heldige, vi som bur i Norge, og har fridom til å eige så mange biblar vi vil. Ikkje alle kristne kan det, for Bibelen er òg ei forboden bok. I enkelte land kan du bli forfølgd og drepen for å eige ein bibel. Til dømes i Nord-Korea, som er det land i verda der det er aller vanskelegast å leve som kristen. Nord-Korea er også det landet der det er flest biblar gravne ned i jorda (kjelde: Åpne Dører).
            Det gir meg grunn til å vere takksam for biblane mine, og sjå på dei som skattar.

No lurer eg på kva bibel eg skal kjøpe neste gong. The Passion Translation, kanskje, eller den store, flotte King James med illustrasjonar av Gustave Dore? (kjent fransk bibelillustratør og kunstnar frå 1800-talet). Kanskje eg kan gje nokon ein bibel i gåve? Valfridomen er der, berre lommeboka set grenser.

Som deltidstilsett ved Bergen Kristne Bokhandel er det alltid ei glede å selje biblar til kundar. Viss nokon er usikre på kva dei vil ha, prøver eg å hjelpe etter beste evne. Eg trur nemleg ikkje det går an å ha for mange biblar, men eg innser no at spørsmålet eg stilte  innleiingsvis, likevel ikkje har eit sjølvinnlysande svar.

For kva bibelutgåve skal eg ta med meg til den aude øya, skal tru?