Ordet blei kjøt. Så kort er vel eigentleg den julebodskapen som adventstida peikar mot. I dette
ligg det djup av guddommeleg visdom og kall til undring og tilbeding. Det er Jesus Kristus
som er det Ordet som evig var hos Gud, og som var Gud. Openberringa for oss av kven Gud
er, skjer først og fremst ved at Jesus, Guds son, er komen nær som menneske.
Kva har dette med ein bokhandel å gjere? Kva er forholdet mellom Ordet og orda? Vel, vi ser
og høyrer ikkje direkte han som kom i kjøt og blod. Det blei snarare slik at han som var Ordet,
gjennom apostlane si forkynning fekk nedslag i orda. Vi har ikkje andre kjelder til å kjenne
han enn gjennom Guds ord, enten det kjem til oss i løftesorda knytt til dåp og nattverd,
gjennom forkynninga av Guds ord offentleg og i sjelesorg – eller rett og slett ved at vi les det
sjølve. Bibel til jul til dei som treng det eller til dei som treng ei ny omsetting, er aldri feil!
Ordet blei kjøt nokre år før år 1 e.Kr., men sidan har Ordet kome oss nær gjennom orda i NT
som den særlege kjelda til openberring. Vi har ingen annan plass å finne han. Vi trur ikkje på
kva Jesus som helst. Vi trur på Bibelens Jesus. Alternativet er at vi lagar han i vårt eige bilde.
Fordi Bibelen blir utsett for angrep etter angrep, set det seg eit inntrykk av at vi ikkje kan stole
på det den gamle boka fortel oss. Om nokon tar seg ein tur til BKB og kjøper Peter Williams
si vesle bok Kan vi stole på evangeliene? eller Stefan Gustavsson sine to bøker Skeptikerens
guide til Jesus, vil de få god hjelp til å møte mange av desse innvendingane. Dei er med og gir
oss sterke historiske haldepunkt for at vi absolutt bør feire Han som kom.
Vi er ulikt skrudd saman. Ein teolognerd som eg er truleg sær i utvalet av bøker. Når eg les
mykje sakprosa med samtidsorientering eller historisk materiale, får eg ofte ei mektig
påminning om at det nettopp er dette som er arenaen for Ordet som kom til verda. Alle
spørsmål som vi balar med, alt som skjer i liva våre, alt som handlar om Guds skapte verd
med natur, menneske og samfunn, er Gud vedkomande. Jula si påminning om Guds
inkarnasjon gjer dette klart for oss.
Når eg i det siste har lese to rykande ferske bøker kjøpt på BKB, professor Sverre Holm om
Den innbilte konflikten mellom tru og vitskap og samfunnsdebattant Stefan Gustavsson bok
Nakne uten skam: om den seksuelle revolusjonen & et revolusjonært syn på sex, handlar det
om dette. Korleis kan vi både tenke, tru og leve godt og rett midt i Skaparen si verd? Korleis
kan eg følgje han som er Ordet, og som har skapt alt godt, i ei verd som også er prega av
synda?
Korleis kan eg lære meg å elske all sanning i dei to Guds bøker, som kyrkja med røter tilbake
til Tertullian om lag år 200 e.Kr. har kalla naturen og Bibelen? Eg er ein ivrig lesar av bøker
om desse to openberringskjeldene, fordi eg har drivet etter sanning i meg. Fordi Gud er
sanninga si kjelde, klarer eg ikkje å vere engsteleg for kva sann og ærleg vitskap fører fram av
resultat.
Ordet blei kjøt. Gud blei menneske. Det betyr mellom anna at ingenting menneskeleg er han
uvedkomande. Og det betyr vel at gåvebøker til jul kan handle om eit vidt spekter av
spørsmål. Kunsten er å finne mottakaren heime med orda om Ordet. Velsigna advent!