I dei seinare åra er det ei bok som har blitt svært viktig for meg. Den er full av litterære perler, kultur,
historie, livsvisdom og sanningar til å leva på. Praktisk talt kvar dag bruker eg den og finn stadig nye
skattar. Eg er blitt stor fan av Norsk salmebok av 2013.
I mange år har eg brukt Verbum sin bibelleseplan. Den følgjer kyrkjeåret, og kvar dag er det oppført
ein salme som skal passa til teksten. På denne måten har eg oppdaga salmar og songar eg ikkje
kjende før.
No kan ein lura på om salmebok er eit heilt treffande namn på den siste utgåva av boka. Denne
utgåva har endra repertoaret mykje, og ikkje alle songane den inneheld, kan vel kallast salmar. Eg
reknar med at då boka kom ut, var det folk som blei skuffa over at salmar dei var glade i, ikkje lenger
stod i salmeboka. Andre opplevde kanskje at boka inneheldt songar som dei ikkje syntest høyrer til i
ei salmebok. Uansett; boka er blitt slik den er, og vi har fridom til å la vera å bruka songar vi ikkje har
sansen for, og til å søkja andre stader for å finna dei salmane og songane vi saknar. Kristne høyrer til i
ulike subkulturar med stor spennvidde i song- og musikkstil. Den store breidda i denne salmeboka
gjer at fleire kan finna noko dei kjenner seg heime i.
Fordi eg i dei seinare år har brukt salmeboka meir, har velkjende salmar/songar blitt meir levande for
meg, og songar som eg ikkje kjende til, har blitt kjære. Her kjem eg ikkje til å gi noko representativt
utval eller systematisk presentasjon, men berre visa fram eit knippe forfattarnamn og salmar/songar
for å dela litt av rikdommen Norsk salmebok har gitt meg.
Eg begynner med ein av dei kortaste salmane i salmeboka, som uttrykker sjølve kjernen i vår kristne
tru, i eitt vers på fire linjer: «Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte, du min konge og min Gud, at ei lyst, ei
heller smerte, deg formår å slette ut! Denne innskrift på meg sett: Jesus ifra Nasaret, den
korsfestede, min ære og min salighet skal være.» (Thomas Kingo) Dette verset er vel verdt å læra
utanåt, så har ein ei åndeleg ballast med seg kvar ein fer. Det kunne vera tema for eit eige innlegg:
verdien av å læra salmevers utanåt, både fordi ein kan ta dei fram gjennom dagen, men også med
tanke på situasjonar som kan oppstå, f.eks. svekka syn eller kognitiv funksjon.
Hans Adolf Brorson er blitt kalla jula sin salmediktar fordi han har skrive så mange julesongar. Ein av
dei er den inderlege «Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom», skriven i 1732. Med den vakre, mjuke
svensk/norske folketonen smyg den seg inn i sinnet. Her er undring over at Jesus var villig til å ofra
seg og koma til jorda som eit lite barn i fattige kår. Den gir også respons på denne kjærleiken: «Akk,
kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn!» (v. 7)
Denne kan ein bruka til adventssalme, setja seg ned med adventslysa tent og lytta eller syngja sjølv.
Magnus Brostrup Landstad (1802-1880) er i «salmebloggen.no» kalla Norges største salmediktar. I
1858 skreiv han salmen «Oppløft ditt syn, du kristensjel», etter at det var blitt meldt om den første
dåpen i Zulu-misjonen. Salmen er ei lovprising til Herren og ei oppmuntring til medkristne som er
med i teneste for evangeliet: «Velkommen alle fjern og nær til Herrens søskensamfunn her som har i
himlen hjemme! Gud signe dere, gjøre sterk, og han som har begynt sitt verk, til Kristi dag det
fremme! Lovsyng Herren! Løft hans banner, hver som stander tungt i striden, sår med gråt og gledes
siden!»
Nesten 130 år seinare blei dette verset skrive: «Vil du trosse angst og uro, vil du følge meg, ta imot
deg selv med nåde på en ukjent vei, la de ord som jeg har sagt, folde ut sin skapermakt tross din tvil
og selvforakt? For jeg vil bli hos deg.» (Bell og Maule, 1987: «Det er navnet ditt jeg roper») Her er det
sett ord på tema som vi i vår tid strevar mykje med: angst, tvil og sjølvforakt. Samtidig set songen
desse temaene inn i ein tydeleg bibelsk tankegang om etterfølging, og slik sett er den i slekt med
salmen ovanfor. Den skotske forfattaren John Lamberton Bell står oppført med heile sju songar,
fleire av dei saman med landsmannen Grahan Alexander Maule. Her er mykje nær og levande
formidling.
Lina Sandell har fått ei rekkje av sine songar med i salmeboka. Mange av dei er mykje brukt, kanskje
ikkje minst rundt om på bedehusa. «O, Jesus, åpne du mitt øye», «Gi oss no ei nådestund, vår Jesus»
«Ingen er så trygg i fare» og «Blott en dag» vekkjer ei rekkje minne for mange av oss. Av og til lurer
eg på om dei er så velkjende at vi kan la djupt innhald og gode språkuttrykk gå oss forbi. Biletspråket i
«Bred dina vida vingar», som også er brukt i Bibelen, er verkeleg eigna til å roa ned kropp og sjel.
Salmen passar svært godt som del av kveldsritualet. Her legg ein frå seg synder og fokuserer på Guds
nåde og vern.
Elias Blix levde samtidig med Lina Sandell. Han er ein av dei salmediktarane eg blir meir og meir glad
i. Noko gammaldags nynorsk kan sikkert vera til litt hindring for bruken, men eg vil oppfordra til
djupdykk i hans salmar. Så rikt, teologisk gjennomarbeidd innhald, så meisterleg uttrykt. Her er ikkje
mange naudrim. Les gjennom «Himmelske Fader» og sjå kor vakkert han knyter saman Guds skapar-
og frelsesgjerning, så mildt og godt at ein kjenner farskjærleiken. Eller kva med «Jesus, du er den
himmelveg», «Med Jesus vil eg fara», for ikkje å snakka om fedrelandssalmen, «Gud signe vårt dyre
fedreland». Elias Blix og hans dikting er verdt eit eige studium.
Vi har svært gode norske salmediktarar også i vår eiga tid. Den mest kjente er vel Svein Ellingsen, som
døydde i 2020. Han skildrar menneskelivet sine kår, med smerte, sakn og tvil, samtidig som han viser
til ankerfestet for trua i Gud og hans nåde. Slå opp på namnet hans i forfattarregisteret og les deg rik
og oppbygd! Eit eksempel: «Herre når din time kommer»: v.6: «Her hvor alt vårt eget knuses, hører
vi ditt ord og løfte. Her hvor døden ennå hersker, tenner Helligånden håpet om å se deg som du er!»
V.7: «Herre, La ditt rike komme! Din er makten! Din er æren! Din er dommen! Din er nåden!
Halleluja! Alt er fullendt! Vi skal se deg som du er!»
Eivind Skeie er ein svært produktiv salmediktar. Han maktar å forkynna djupe bibelske sanningar
med friske språkuttrykk, så det blir levande. Eg blir framleis gripen når eg les hans salme: «Jeg tror
på jordens forvandling». Den gir eit framtidshåp så levande skildra at tårene lett kjem fram, fordi det
er så sterkt og overveldande – i positiv forstand. «Jeg flykter ikke fra verden, den jord som engang
falt, er båret av de hender som skal fornye alt. Jeg vet at Jesus lever! Jeg tror at Jesus Krist, når alle
håp er ute, skal stige frem til sist.»
Arve Brunvoll sine salmar er solide som det norske grunnfjellet, med djupt innhald kledd i
velklingande god nynorsk. Dei er realistiske og slitesterke, slik som dette verset: «Eg står så ofte
rådlaus, Gud, og spør om meining i den gjerning eg lyt gjere. Og stundom kan ho kjennast som ei bør
eg vantar mot og styrke til å bere. Men seier du mitt arbeid har eit mål, då er eg nøgd og gjer det glad
med tål» («Du gav meg, Gud, eit liv i denne verd») Dessutan har han gitt oss del i mange salmar frå
andre land ved å omsetja dei til godt og vakkert norsk. Ein av dei mest velkjende er «Deg å få skode».
Slå opp på namnet hans bak i boka og forsyn deg av dei rike skattane, både i dei salmane han har laga
sjølv og dei han har omsett.
Vår eiga Haldis Reigstad har i årevis skrive dikt og songar som er høgt verdsette og mykje brukt i
mange samanhengar. I salmeboka er ho representert med fire songar. Ein av dei skulle eg ønskja blei
sungen oftare, misjonssongen «Åkrane kvitnar mot hausten», med ein lågmælt, var melodi av Sigvald
Tveit. Høyr korleis ho maktar å formidla ei klar utfordring gitt av ein kjærleg Gud: V.3: «Tindrande
klårt talar Ordet: Ber denne bodskapen ut. Enno står døra til himmelen open, vend dykkar hjarto til
Gud. Ber denne bodskapen ut.» V.4: «Åkrane kvitnar mot hausten. Himmelens rike er nær. Han som
er sanninga, vegen og livet, mønstrar med kjærleik sin hær. Himmelens rike er nær.»
Eg slår ofte opp bak i salmeboka på forfattarregister og ser kva tid salme-/songdiktaren levde. Det set
salmen inn i ein historisk samanheng. For eksempel er det nokså sterkt å tenkja på at Ronald Fangen
under andre verdskrigen skreiv «Mens verdensriker stiger og de synker, går kirken mot
fukommenhetens vår» («Guds menighet er jordens største under». Brennaktuelt for oss i vår urolege
tid. Rett som det er, googlar eg også namnet og får litt meir info om forfattaren. Å vita noko om den
situasjonen salmen/songen blei skriven inn i, gir ein rikare bakgrunn for å forstå innhaldet. Då blir
tida med salmeboka ei kjelde til både åndeleg oppbygging og utvida kulturell og historisk kunnskap.
For ikkje å snakka om dei litterære skattane.
Slik kunne eg halda fram. Der er så mykje rikt. Her er det berre å ta for seg. Kanskje julegåva til deg
sjølv eller ein annan i år skulle vera salmeboka? Den finst i fleire utgåver, med og utan liturgisk del,
med ekstra stor skrift etc. Kombinert med Verbum sin bibelleseplan får ein ekstra hjelp til å oppdaga
nye salmar og songar.
Eg veit ikkje om mange unge menneske les denne facebook-sida. Men om du som er ung les dette, så
har eg lyst å oppmuntra deg til å gjera deg kjend med salmeboka. Nokon av songane trur eg vil tala til
hjarta ditt med ein gong, medan andre kanskje krev at du tygg litt på dei før du kjenner den gode
smaken.
Kanskje får nokon lyst til å laga nye melodiar til enkelte salmar og dermed gi dei ein ny vår, eller
lovsongsbandet ser at dei kan framføra dei gamle melodiane i ny musikalsk innpakning? Lykke til!