Leseprogram for søkjande

Den siste tida har det kome fleire studentar inn i bokhandelen, og gjerne særleg antikvariatet, som er ute  etter råd og tips for kva dei kan lese for å finne ut om kristen tru.

Dei har litt ulike bakgrunnar, men det er slåande at dei er på leiting, noko som kan bety at dei må bryte med sitt gamle miljø og finne eit nytt. Dei har kanskje oppdaga eit kristent fellesskap ved at venner har gjeve dei nokre leietrådar, og så vil dei finne ut kva det er å vere truande.

Det er heilt strålande, synest eg, å få slike utfordringar.  Og bokhandelen er full av hjelp til dei. Det  er sjølvsagt svært viktig for oss som arbeider der, å høyre nøye på kven dei er og kvar dei er i livet, slik at me treffer så godt som råd med våre innspel.

Ein ville gjerne finne ein bibel utan for mange føringar, som han sa.  Hans opphavlege miljø har ei spesiell bibelomsetjing, der det er mykje ideologisk stoff i tolkingane.  Me har mange ulike bibelutgåver:  enkle konfirmantbiblar, den klassiske omsetjinga frå 2011 som Bibelselskapet står bak, Norsk Bibel sine utgåver med noko meir vekt på nærleik til dei opphavlege språka, Bibelforlaget sine utgåver, m.a. Fokusbibelen med digitale hjelpemiddel via QR-kodar.   Og då har eg ikkje nemnt alle.  Norsk Bibel har ein fantastisk Ressursbibel, med kommentarstoff og innleiingsstoff til alle dei ulike bøkene i Bibelen. Det er eit uvurderleg hjelpemiddel, særleg for nokon som vil arbeide med dei djupare problemstillingane i tekstane.

I antikvariatet finst det mykje for ulike behov.  Mange teologistudentar har oppdaga at her er pensumhjelpemiddel og, til ein billeg penge.   Ein student, som studerer eit anna fag enn teologi, fortalde at obligatoriske pensumbøker for eit semester kosta han over 6000 kr, så økonomisk er antikvariatet ei gullgruve for slike folk. 

Eg anbefalar gjerne Carl Fredrik Wisløff sin klassiker Jeg vet på hvem jeg tror til folk som skal orientere seg i kristen tru.  Det at ei bok ikkje er aldeles ny, treng ikkje innebere at ho er utilgjengeleg eller irrelevant. Wisløff si truslære er velskriven og omfattande.  Wisløff var kjent som ein svært interessant og grundig forelesar og forkynnar i si tid, og det ber bøkene preg av. Likeeins anbefalar eg gjerne Bo Giertz sine to hjelpebøker Å tro på Kristus og Å leve med Kristus.  Dei dukkar opp av og til og forsvinn gjerne like fort, men finn me dei, er dei gull verdt:  Dei fyl kyrkjeåret og gjev ein rytme i bibellesinga;   dei gjev uvanleg mykje innsikt i det bibelske materialet;  dei er personlege og passar for folk som leitar eller nett har teke eit standpunkt for kristen tru.

Det har blitt hevda, med rette, vil eg meine, at i dag manglar yngre menneske ofte dei grunnleggjande sanningane og begrepa innan kristen tru og etikk som tidlegare generasjonar var rotfesta i. Det får konsekvensar og for eit slikt leseprogram som eg føreslår.  Wisløff si truslærebok går stegvis gjennom både grunnlaget for trua, innhaldet i trua og konsekvensar for etikk. Sjølv om ho er gammal, er tilnærminga veldig brukande for mange, og i den målgruppa eg er oppteken av.

Andaktsbøker er og viktige for å få ein rytme i livet.  Eg leitar alltid etter Martin Luther si Gled deg, Guds menighet!  Han er meir enn moderne nok, og hans innsikt i evangeliet er heilt nødvendig for nye kristne som etter kvart vil trengje den kvile det er å sjå at Jesus har gjort alt som trengst.  Elles får me inn mange velbrukte andaktsbøker, både av Ole Hallesby, Ludvig Hope og dei ulike Wisløffane.  Alle desse er gode tips til dei som spør, sjølv om kanskje nokre av ungdommane  heller vil ha noko som er skrive i dette årtusenet.   Det har me og.

Og så benyttar eg sjansen til å anbefale romanen Steingrunnen av Bo Giertz, ei bok alle bør lese!  Ho er lettlesen og spennande og inneheld ein presentasjon av evangeliet som me treng.  Dei aller fleste som er seriøse søkjarar, vil komme til eit punkt der dei blir mismodige med tanke på eigne prestasjonar.   Dei har gjerne sett for seg at dei skal gjere alt rett,  fylgje alle bod og formaningar og innrette livet sitt etter det dei er overbeviste om. Ein del mister aldeles motet når realismen når dei:   Dette greier eg ikkje.  Steingrunnen er spesielt retta mot denne fasen i livet.  Det går verkeleg an å identifisere seg med både magister Savonius og andre interessant skildra personar i Bo Giertz sitt romanunivers. Så den boka er høgt på mi liste over moglege bøker for søkjande

Me har sjølvsagt mykje anna og, men det kan vente til neste gong.

Leseliste:

Carl Fr. Wisløff:  Jeg vet på hvem jeg tror

Bo Giertz:  Å tro på Kristus

Bo Giertz:  Å leve med Kristus

Bo Giertz:  Steingrunnen