Lang reise i mørke og lys

Slutten på «Ringenes herre» er i sikte når eg skriv desse linjene. Eg har berre knapt 200 sider igjen. Lenge tenkte eg at det neppe var spesielt aktuelt å pløye meg gjennom dei nesten tusen tettskrivne sidene til J. R.R. Tolkien. Sjangeren fantacy er ikkje den som har freista eller fascinert meg mest. Unntaket har vore Narnia-bøkene og Space-trilogien til C. S. Lewis.
For ein del år las eg Lewis-biografien til Alister McGrath. Der kom det fram at Lewis nominerte venen Tolkien til Nobels litteraturpris for nettopp «Ringenes herre». Kona har hatt liggjande ei norsk omsetjing som ho for mange år sidan fekk frå ein bokklubb, utan at nokon av oss har gått i gang med den. Det verka som eit for stort prosjekt.
I ein samtale karakteriserte ein kollega boka som sjølvlesande. Det var ikkje den første karakteristikken eg hadde venta om ein slik murstein. Eg har høyrt staute, konservative teologar tiltru meg at dei har pløygd seg gjennom trilogien til Tolkien fleire gonger. Til slutt nådde eg eit punkt der eg tenkte: Eg får gi boka ein sjanse.
I starten av ei omfattande bok kan det vere vanskeleg å få oversikt over personar og situasjonar. Den hjartevarme skildringa av dei muntre, matglade og heimekjære hobbitane set likevel fart i leselysta. Dei nydelege naturskildringane og poetiske innslaga set kjensler i sving. Og så vert ein dregen inn i spenninga. Det spektakulære universet til Tolkien er prega av djupt alvor og stor dramatikk. Men det har slått meg at grunntonen er ein lengt etter det gode og gledelege. Venskap, lojalitet og tolmod er berande verdiar. Og figurar som framstår små og sårbare, kan overvinne mektig motstand så lenge dei held urikkande fast på det som er godt og rett.
Som regel synest eg det skal gode grunnar til at ei bok er meir enn 200-300 sider. Det er veldig mykje ein kan få sagt på såpass mykje plass. Mi erfaring er at ei bok ikkje nødvendigvis gir meir fordi ho inneheld fleire ord. Eit skarpt fokus og ei konsentrert form er som regel ei vinning. Men somme forteljingar er så storslagne at dei verkeleg fortener å bli bretta ut. Romanar som «Forbrytelse og straff» og «Brødrene Karamazov» av Fjodor Dostojevskij er andre døme.
I forordet til «Ringenes Herre» skriv Tolkien at det berre er ein ting han beklagar med verket: Det er for kort. For alt eg veit, kan det vere ein sjølvironisk merknad. Ein treng uansett ikkje vere samd. Men eg held med han i at denne forteljinga har noko av styrken sin nettopp i å vere lang. Då vert mørket djupare, men lyset vert også desto meir strålande.