Ikkje alle bøker les me fort og lett. Stillhet av Shusaku Endo har eg halde på med i vel eitt år. To av mine eks-elevar anbefalte boka, også fordi ho var ein del av deira leseprogram. Dei ville vite kva eg syntest om ho. Det var ikkje eit enkelt oppdrag.
Shusaku Endo er japansk og katolikk, ein ganske uvanleg kombinasjon. Boka har fått strålande kritikkar og har blitt filmatisert av Martin Scorsese, som og har skrive forordet til den engelske utgåva.
Boka er fiksjon, men basert på verkelege hendingar frå 1600-talet. Den katolske kyrkja hadde i nokre tiår då mange utsendingar og stor tilslutning, med truleg hundretusenvis av konvertittar. Så kom det leiarar som endra tilnærminga til vestlege misjonærar og lokale kristne. Alle slike blei anten tvinga til å fornekte trua, helst ved å trampe på eit bilete av Jesus eller Jomfru Maria, eller dei blei drepne på bestialske måtar. Endo skildrar særleg to portugisiske jesuittpaterar, som etter ei lang og krevande reise ville finne ein annan jesuittmisjonær, ein tidlegare lærar og leiar for dei. Livet deira i Japan er ekstremt farleg, med stadig frykt for å bli angjevne til dei ansvarlege for forfylgjingane. Dei gøymer seg, er på flukt, ser andre bli drepne på den verst tenkjelege måten og blir så arresterte. Den eine nektar å gje opp trua og døyr, den andre, som er hovudpersonen, bøyer seg til slutt; i ein freistnad på å berge japanske kristne trampar han på biletet av Kristus.
Den store nauda både for han og dei andre truande er: Kvifor er Gud taus? Kvifor svarar han ikkje? Kvifor grip han ikkje inn? Difor tittelen på boka.
På ulike måtar fyl me samtalen mellom dei to unge mennene som har reist med ein visjon til Japan. Me får etter kvart og den indre dialogen i hovudpersonen, som verkeleg kjempar for å halde fast på kallet til tru og teneste. Og me ser han etter at han har fornekta, i eit liv utan vedkjenninga, men der det skin igjennom at trua ikkje er borte, men har endra seg.
Kristne til alle tider har kjempa ein liknande kamp: Kvar er du, Gud? Høyrer du ikkje når eg bed og ropar? Faktisk ikkje minst i vår tid lever mange kristne med ekstremt press og under umenneskelege forhold.
Nyleg fekk me i bokhandelen En million mirakler, ei bok om korleis kinesiske kristne etter kulturrevolusjonen på 1960- og 70-talet, var desperate etter biblar og korleis ein stor smuglaroperasjon blei planlagt og gjennomført. I løpet av ei natt blei ein million biblar ført i land på ei strand i Kina og distribuerte i stor hast. Mesteparten nådde fram der dei skulle. Boka er ei spennande og nærast utruleg historie om bøn, planleggjing, Guds leiing i førebuingane og etterarbeid. Det handlar om eit ganske stort team knytta til Broder Andreas sin organisasjon Opne Dører, men ikkje minst om kinesiske kristne og deira vilje til å satse alt på å få tak i Guds ord.
Mange av dei hadde vore i kortare og lengre periodar i fengsel for trua si. Det er vel kjent at det har vore bølgjer av forfylgjing i Kina. Det kjem og fram i personlege vitnemål i boka.
Det hender vel at forfattarar som skriv om forfylgjing av kristne, skjønnmalar. Dei som opplever isolasjon, helseproblem, separasjon frå familien, elendig mat, overfylte celler, kjenner seg nok ikkje alltid som overvinnarar. Men det er tallause vitnemål, ikkje minst frå Kina, om Guds nærver i det mørke og forferdelege. Richard Wurmbrand, messiansk-jødisk prest frå Romania, opplevde mange gonger i løpet av sine mange år i fengsel under kommunistregimet i det landet Jesu nærver så sterkt i cella at han brukte natta til å danse og be.
Kanskje noko av sommarlektyren kan handle om kristne i ekstreme situasjonar? Dei treng vår forbøn, og me treng deira truseksempel. En million mirakler er ikkje krevande som Endo sin roman, men handlar faktisk om noko av det same. Ein stor skilnad er Guds ord sin plass. Kinesiske kristne både tidleg på 1980-talet, som er perioden boka handlar om, og seinare har vist oss noko om kor livgjevande Guds ord er.
Eg vil nemne to andre bøker. Reisen hjem av Liv Toril Rinding Skjeggestad er ei autobiografisk forteljing om hennar store truskrise. Ho og mannen for som nygifte til Kenya, langt vest i landet, der dei arbeidde nokre få år før han brått vart alvorleg sjuk. Saman med den vesle dottera reiste dei i all hast til meir sentrale strøk før dei enda opp på sykehus i Nairobi og etter kvart blei hastetransporterte til Ullevål i Oslo. Heile reisa ser me spenninga mellom den faktiske utviklinga i ektemannen sin sjukdom og Liv Toril sitt trusstandpunkt, fundert som det var i ein lovnad ho hadde fått frå Guds ord om at mannen skulle bli frisk. Då han døydde og ho blei enke berre litt over 20 år gammal, blei krisa hennar akutt. Boka handlar og om både kallsopplevingane deira og hennar arbeid med å finne ut av kva som skjedde: Kvifor let Gud mannen hennar døy? Tok ho heilt feil som heldt fast på Guds lovnad?
Boka gjev ingen enkle svar, og det er eit gode. Denne boka er både personleg og generell og kan kaste lys over det mange balar med når det vonde rammar. Forfattaren er både realistisk og oppteken av å leve i Guds ord, og det kan vere til god hjelp for folk i liknande situasjonar.
Det finst etter kvart mange bøker av og om kristne under press i den muslimske verda, t.d. Selvmordsbomber – hun trosset Jihad. Den meste kjende og selde boka om forfylgde kristne er nok Guds smugler, Broder Andreas sin beretning om bibelsmugling frå Vesten til landa bak Jernteppet før 1989. No er denne boka komen i ei nyopptrykt utgåve. Eg siterer frå Ester Boge, 18 år, ein anmeldar av boka: «Sykt spennende bok, flere ganger merket jeg at tårene bare kom. Broder Andreas er virkelig et stort forbilde.»
Her er altså mykje litteratur om kristne i utfordrande situasjonar å bli inspirert og utfordra av.
Litteraturliste:
Shusaku Endo, Stillhet
Paul Estabrooks, En million mirakler. Perleprosjektet
Liv Toril Rinding Skjeggestad, Reisen hjem – en tid for å sørge – en tid for å danse
Broder Andreas, Guds smugler
Esther Ahmad & Craig Borlase, Selvmordsbomber – hun trosset JIHAD
Esther Chang og Eugene Bach, Smugle lys. En kvinnes seier over forfølgelse, tortur og fengsel i Nord-Korea og Kina