Korleis kan boka vinne over skjermen?

På ein møbelbutikk passerte eg eit middelaldrande ektepar som prøvesat ein lenestol. Butikkmedarbeidaren påpeikte at denne var god å lese i dersom ein la seg litt bakover.

– Han les ikkje bøker lenger, konstaterte kona til lett latter frå alle tre,

Mannen demonstrerte i staden korleis han kunne scrolle på ipaden halvvegs i horisontalen.

Episoden er til å kjenne seg igjen i for fleire. Lesinga er under press. Skjermane er blitt så mange og så hendige at dei ofte vinn konkurransen om merksemda. «Færre og færre les bøker, og det er eit større tap enn ein umiddelbart er klar over», skreiv dåverande sjefredaktør Erik Bjerager i danske Kristeligt Dagblad for eit par år sidan. Han oppsummerte med at lesing styrkjer dei språklege evnene til menneske og utviklar innsikt til å forså seg sjølv, omgivnadene sine og verda. 

Mindre tid med bøker i barndom og oppvekst er eit problem også i høgare utdanning. «Ekstremsport: Lesing» var tittelen på ein tankevekkjande kommentarartikkel i Klassekampen i januar. Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen reflekterte over kvifor studentar strevar med å lese lange tekstar. Krava til at førelesingar skal vere underhaldande og varierte, er også blitt stadig tydelegare. Det er symtpom på at vi har meir problem med å konsentrere oss. Tankane flakkar fort vidare til noko anna.

Den første månaden av 2023 har eg fullført to bøker som på forskjellige måtar handlar om å vere til stades. Den eine er «Kakofonen. Pålogget, men frakoblet» av lege Andreas Nydal. Den andre er «Men vi var ikke hjemme» av pastor og førsteamanuensis Truls Åkerlund.

«Kakofonen» handlar først og fremst om korleis smarttelefonen i løpet av det siste tiåret har erobra stadig meir av merksemda vår. Kvar dag brukar amerikanarane 5,4 timar på den vesle lommeskjermen. Og det er neppe grunn til å tru at situasjonen er stort betre her til lands.

Boka siktar mot eit allment publikum, men ber likevel tydeleg preg av at forfattaren har ein kristen ståstad. 

«Men vi var ikke hjemme» dreiar seg om at Gud vil oss noko i livet, men ofte er vi ikkje til stades. Denne handlar ikkje så direkte om teknologi, men meir om den menneskelege trongen til å vere rastlaus, på flukt og leite etter seg sjølv i staden for å la seg finne av Skaparen. Timar med flimrande lys på skjerm har neppe gjort dette lettare for nokon.

For all del: Det er mykje som er blitt både lettare og kjappare ved hjelp av skjermane. For eksempel har borna mine ein kontakt med besteforeldra via videosamtalar som kompenserer meir for avstand og sjeldne treff enn telefonen kan gjere. Men stadig stussar eg på kva eg og vi alle går glipp av ved at dei lysande rektangla fyller så mykje av tida og tankane våre.

Eg er neppe åleine om å kjenne behov for å ta bevisste grep for å avgrense skjermens plass i livet. Ein vane med dagleg boklesing kan vere ei hjelp, trur eg. Ein treng ikkje nødvendigvis lese så mykje, som dosent Åse Bjørg Høvyoll Kallestad påpeika då kollega Tarjei Gilje og eg tok opp podkast med henne i Bergen Kristne Bokhandel. Men litt lesing er veldig mykje meir enn ingenting. Det kan vere starten på å kople seg litt meir av frå skjermen. Det håper eg i alle fall.