God litteratur gir godt språk

Då eg var elev på bibelskolen i C. Sundts gate her i Bergen, hadde vi sokneprest Bernhard Eide i faget homiletikk, altså preikelære. Eg set stor pris på den kontakten eg fekk ha med han i mange år etterpå. Eida var ein stor beundrar av ImFs gamle generalsekretær Gustav Ballestad og kalla han i ein av timane «en av de største prekenbegavelser vårt land har fostret».

Likevel var det ei hake: «Han har bare sine 700 ord fra Lyngdal (beklagar Lyngdal, litt ufin den, men det er altså eit sitat!), men et gjennomsnitt menneske har 15.000 ord. Jeg sagt til Gustav at han må lese mer. Men da sier han bare: `Jeg leser i Bibelen`.» Vi mora oss over overdrivingane som i alle fall fekk fram eit poeng.

Dei som ein gong blei kalla det myndige lekfolket, las jamt over mykje. Far min var indremisjonsleiar. Høgste skolegang var framhaldsskole, folkehøgskole og bibelskole. Før den gamle måtte begynne å kvitte seg med bøker av plassmangel, hadde han truleg borti 3000 bøker i hyllene sine. Det var ikkje berre teologi, oppbygging og kyrkje. Han hadde lass av biografiar, historiske bøker, lyrikk og skjønnlitteratur.

I tillegg til alt han las av aviser og blad, gjorde det lekmannen til ein lærd mann, som han pranga lite av. Det rike ordforrådet hans gjorde det mulig å stå i offentleg teneste som forkynnar til etter han fylte 93. Han var ei nøtt i Scrabble! Den siste nekrologen sin sende han til Sunnmørsposten 11.januar 2016. Då var han 93 og eit halvt.

Slik verkar god litteratur. Den utvidar språket, og slik utvidar den tanken. Eg er privilegert som er betalt for å lese, men eg les ikkje berre i samband med forsking og undervisning. Før jul las eg ei ny bok om tipptippoldemor mi, Berte Kanutte Aarflot, skrive av tippoldebarnet hennar, Andreas Aarflot. Tittelen er «Varslingsklokken» og er å finne i Bergen Kristne Bokhandel.

Ho blei den haugianske rørsla si fremste kvinne når det gjeld skriftleg formidling. Faren var folkeopplysningsmann og hadde ei boksamling (bibliotek) for allmugen. I det boklege var begge lik Hans Nielsen Hauge. Han skreiv 37 bøker som blei distribuert i om lag 250.000 eksemplar. Det er ekstremt mykje i eit land der det budde 881.500 menneske i 1800.

Når vi meistrar språket, blir vi lytta til. Asle Toje er ein slik forfattar, medlem i Nobel-komiteen og ei verdikonservativ røyst i samfunnsdebatten. Eg overdriv knapt når eg seier at han er på NRK kvar veke, i Verdibørsen og andre program.

I jula las eg «Gullbrikkespillet», den tredje boka hans som med godt språk formidlar kva som skjer i Europa og evnar å tolke det meiningsfullt. Den finn du òg i BKB. Saman med andre titlar ligg den og ventar på deg!

Rolf Kjøde

Førstelektor NLA Høgskolen