Framfor alle ting…

Eitt av dei viktigaste bileta frå krigen i Ukraina, som i skrivande stund har gått inn i si fjerde veke, er det av den ukrainske sjefsrabbien som bed.  Han oppfordra til bøn med utgangspunkt i Salme 31 kl 17 kvar dag. Kvart år etter Sovjetunionens fall har han fokusert på ein bibelsk salme, no altså den 31.  I nauda har  veldig mange fylgt oppfordringa. Ein YouTube-video viser bomberom med folk i alle aldrar  som bed salmen.  Og rapportar, ikkje minst frå det ukrainske bibelselskapet, slår fast at det finst eit stort behov for biblar, også ved fronten.

I eit sekulært samfunn er det lett å tenkje at krig og katastrofer detroniserer Gud.  Ei vanleg oppfatning i sekulær tenkjing er at Gud er maktlaus og fråverande og demonstrerer det til fulle ved ikkje å gripe inn i krigsredslene.  Tankegangen i Ukraina er altså heilt annleis:  Guds ord gjev trøyst og hjelp, ikkje minst ved å snakke så usminka om fiendane og trugsmåla eg-personen i Salme 31 opplever. Kanskje kan ein bibellesar som er anfekta av dei mange sterke utsegnene generelt i Salmane, kan få sjå desse avsnitta annleis no?  Her er uttrykksmåtar ein lidande fullt ut kan kjenne seg att i:  «For eg høyrer mange som kviskrar – å, redsle på alle kantar! når dei samlar seg mot meg og legg planar om å ta mitt liv.» (Salme 31, 14) Og det har alt begynt å komme ut av Ukraina mange historier om vern, leiing og berging midt i dei farlegaste situasjonane.

Dette minner oss og om verdien av dei faste bønene og Bibelen som bønebok.  Kristne til alle tider har brukt Salmane slik.  I ein del kristne samanhengar har det vore mykje skepsis mot det faste, som gjerne har blitt betrakta som utvendig og uekte, ritualar utan sjel. Og visst er Bibelen full av eksempel på folk som bad i si naud, helst den grunnleggjande bøna:  Kyrie Eleison!  Herre, frels!  Det er absolutt ikkje noko forbod mot det spontane og personlege, sjølvsagt ikkje. Gud ynskjer våre hjarterop, det er tydeleg frå begynnelse til slutt i desse mange bøkene Bibelen består av.  Men her har eg lyst å lyfte fram dei faste bønene, som kan hjelpe oss å kvile i slitesterke ord.  Ofte er livet så krevande at ein kan oppleve oppfordringane til bøn som byrder. Då kan dei bibelske salmane eller tidebønsrytmen hjelpe oss. Her går me inn i erfarne kristne sine uttrykksmåtar og gjer dei til våre.  Dei mange tidebønnsbøkene som har kome i seinare tid har vist seg slitesterke og til stor hjelp for mange. Eg nemner ei:  Enklere, dypere, sannere av Ray Simpson.  Boka inneheld 40 tekstar og er inspirert av keltisk spiritualitet.

Og så treng me oppmuntringane frå kristne som har mykje erfaring med både bøn og kriser.  Marie Monsen, Kina-misjonær i mange år tidleg på 1900-talet, opplevde seg utfordra av dei kinesiske bibelkvinnene som modellerte uthaldande og trussterk bøn. Marie Monsen gjev i den klassiske boka Bønnens makt mange eksempel på korleis Gud greip inn på underfullt vis i sjukdom, på reiser, under farar og angrep. Men i begynnelsen av hennar teneste var ho meir prega av vantru enn tru, som ho skriv i boka. Dette er nok ikkje uvanleg i den vestlege tankegangen.  Etter kvart fekk ho mange erfaringar og bønesvar, som lesaren framleis opplever oppmuntrande.

Ein forbedar som fekk stor betydning for heile Europa, særleg under andre verdenskrig, var walisiske Rees Howells. Før eg fekk boka om han, Bønnekjempen som preget Europa, i handa, var han heilt ukjend for meg.  Boka kom fyrste gongen ut i 1952 og vart gjeven ut på nytt i 2018.  Howells vaks opp i ein gruvelandsby og arbeidde som dei fleste andre menn der i gruvene. Boka byggjer på hans journalnotat og viser hans møte med Gud og den store vekkjinga i Wales frå 1904 og utover. Boka teoretiserer ikkje om bøn, men viser korleis han lærde å vere ein forbedar, ikkje minst då han og kona var misjonærar i Sør-Afrika.  Etter kvart grunnla han ein bibelskule i Wales, som vart eit senter for forkynning, undervisning og forbøn.  Meir og meir opplevde han eit kall til internasjonal forbøn, fyrst og fremst for at evangeliet skulle ha framgang over heile jorda.  Mot slutten av mai 1940 måtte britiske soldatar evakuerast frå kontinentet. Både i den akutte aksjonen ved Dunkirk og seinare i det som er kjend som slaget om Storbritannia var Rees Howells og alle andre forbedarar viktige.  Boka held ein nøktern stil, men frykten frå denne perioden er til å ta og føle på.

Det går verkeleg an å bli heilt overvelda av krig, katastrofer og personleg mørke.  Heldigvis gjev Salmane oss ord til å uttrykkje fortviling, frykt og sorg.  Og me kan lære av det andre kristne har gått gjennom i deira kriser, og korleis deira tru heldt dei oppe. Det er og ganske vanleg å kjenne seg åndeleg mindreverdig i møte med desse gigantane frå tidlegare tider. Det er heilt sikkert ein dårleg ide.  Difor må t.d. boka om Rees Howells lesast som eit tidsdokument også, slik at me ikkje gjev oss i kast med å imitere slike som han utan å ha eit fast fundament i nåden sjølve.

Men det står altså fast, ikkje minst i krisetider som no:   «Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.  Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» (1. Tim. 2,1-4)

Aktuelle bøker:

Tidebøn – daglege bøner frå Bibelen

Fra bønnens verden, Ole Hallesby

Bønnens makt, Marie Monsen

Bønnekjempen som preget Europa, Norman Grubb

Bønn, framfor alt,  Oddvar Søvik

Det er tid for å be, Carter Conlon

Enklere, dypere, sannere, Ray Simpson