For nokre veker sidan kom ein pensjonist inn i bokhandelen fullasta med bøker til antikvariatet. Han skulle male nokre vegger i stova og nytta høvet til å avhende noko av det han hadde i bokhyllene.
Det var skattar, viste det seg: mange bind i Bibelverket-serien, romanar, andaktsbøker, biografiar. Bibelverket er svært populært no, og me har ei liste av kundar som ynskjer seg spesifikke bøker i serien. Teologistudentar, til dømes, kan her få interessante kommentarverk til dei bibelske bøkene. Også andre ser ut som dei brukar Bibelverket til å gå systematisk og djupt gjennom det bibelske materialet.
Ei anna bok fanga mi interesse denne gongen, John Solsvik sin biografi om den israelske legen Jakov Adler. John Solsvik var Dagen-korrespondent i Israel i ein periode. Eg hugsa vagt eit intervju med han om boka i Dagen i samband med publiseringa i 2016.
Nye biografiar kjem stadig og sel godt, mange av dei. Eg nemner Egil Grandhagen sin biografi frå 2022, boka om Broder Andreas og ymse bøker om Hans Nielsen Hauge i samband med Hauge-jubileet for kort tid sidan.
Bøker som kjem inn i antikvariatet, får ikkje avisoppslag – lenger, men mange av dei står seg veldig godt. Eg finn stadig skattar der. Anders Hovden sin biografi Attersyn kastar lys over hans tilhøve til Per Sivle og Sivle sitt liv, for å nemne noko av det hans biografi tek opp. Bilquis Sheikh, ei pakistansk overklassekvinne, fekk møte Jesus i draumar og vart etter kvart kristen, men måtte så flykte for livet. Livshistoria hennar er spennande som ein roman og attgjeven i Jeg våget å kalle ham Far. Rabindranath R. Maharaj fortel i si bok om sitt liv som barn i Trinidad, der han var ein del av den hinduistiske minoriteten og djupt inne i Transcendental Meditasjon, som sin far. Boka En gurus død gjev eit levande bilete av kva det vil seie å vere hindu om ein tek religionen sin alvorleg. Begge dei to siste bøkene brukte eg i religionsundervisninga i vidaregåande, m.a. fordi dei gjev ei augnevitneskildring og eit innanfråperspektiv som etter kvart ganske sekulariserte norske elevar kan trengje. Begge desse bøkene fann eg i eit eller anna utland i si tid, og så dukka dei opp att i vårt antikvariat.
Og no altså og Flukten fra nazistene om Jakov Adler. Det som er spesielt interessant med denne boka, er lengdesnittet og kontakten med dei definitivt største hendingane i Israels historie på 1900-talet.
Jakov Adler flykta med sin legefar, mor og syster frå Tsjekkoslovakia like før 2. verdenskrig til Noreg, der faren hadde fått opphaldstillatelse og arbeid på eit tuberkulosesanatorium i Talvik ved Alta. Her er mykje å late seg fascinere av, ikkje minst korleis Jakov og systera fort blei integrerte i lokalsamfunnet i Finnmark. Etter eit langt yrkesliv besøkjer han Finnmark att, med rørande møte med lokalbefolkninga.
I 1945, høgvinters, flykta familien til Sverige, som tittelen på boka viser til. Etter kvart vende dei attende til Tsjekkoslovakia, men Jakov flykta vidare til Israel etter det kommunistiske maktskiftet i heimlandet. Foreldra kom og der seinare.
Og så fortel boka, ganske nøkternt, om angrepa på Israel, både etter statserklæringa i 1948, i 1967, i 1973 og dei mange rundane med konfliktar seinare, ikkje minst intifadaene rundt år 2000. Jakov Adler var då militærlege og med i forsvarsleiinga. Seinare vart han ein del av FN sine ymse fredsbevarande styrkar i mange land. Det heile blir presentert direkte og ganske kjøleg, med mykje humor og mange episodar frå felten. Me møter og eit godt utval av dei israelske leiarane, som han arbeidde tett med. Og mot slutten har han ein ganske kort analyse av situasjonen, både etter at Israel trekte seg ut av Gaza i 2005, Hamas si rolle og to-statsløysinga, som han for øvrig meiner er dømt til å mislykkast. Dette blei nedskrive før 2016, men analysen har mykje for seg og ikkje minst etter 7.oktober-angrepet.
Ei slik bok vil vere ekstra interessant for dei som ynskjer augnevitneskildringar av både daglegliv i makta sine sirklar og i felten i aktuelle konfliktar. Her er heldigvis ingen spekulative utgreiingar om myrderier, men jordnære konstateringar av hendingar og fakta.
Viss din reaksjon no er at denne boka kunne eg tenkje meg å lese, er biblioteket sjølvsagt eit alternativ. Eller du kan kontakte Bergen Kristne Bokhandel, der me skriv deg på ei liste for antikvariatet. Bøker dukkar stadig opp. Berre for to dagar sidan fann eg Haldis Reigstad si diktbok Roser i snø, som ei dame ynskte seg før jul. Så håpet er der.
Bøker:
John Solsvik. Flukten fra nazistene – til Israel gjennom Norge og Sverige
Anders Hovden. Attersyn
Bilquis Sheikh. Jeg våget å kalle ham Far
Rabindranath R. Maharaj med Dave Hunt. En gurus død