Då eg var liten gut, las mor mi ofte for meg frå barnebibelen. Utgåva var velbrukt. To eldre sysken hadde høyrt historiene før, sikkert mange gonger. Somme sider var lause. Den raude ryggen var ikkje lenger like stram som han ein gong hadde vore. Likevel: Historiene fenga meg og festa seg.
Dette var ein barnebibel med mykje substans. Forteljingar som kunne vere vanskelege å forstå, var ikkje luka bort. Det kan eg best forklare ved å peike på den suverene favoritten min. Denne ville eg høyre igjen og igjen.. Overraskande nok var det forteljinga om skjøkja Rahab og dei israelittiske speidarane i Jeriko.
Josva sende nemleg to spionar for å rekognosere i byen før israelsfolket inntok den. Ikkje visste eg kva ei skjøkje var, men for meg var ho ei heltinne. Det var umåteleg spennande korleis ho skjulte speidarane oppunder taket sitt. Som takk for hjelpa vart ho og familien hennar berga då bymuren rasa saman. Teikninga av huset som låg ved bymuren, kan eg framleis sjå for mitt indre blikk. I tråd med instruksjonane ho hadde fått, hang eit reip ut av vindauget. Alt rundt låg i ruiner.
I det siste har eg lese ein del i Det gamle testamentet. Då kom eg over både forteljinga om Rahab og andre historier eg hugsar frå barnebibelen. Eg hadde ikkje fått med meg at Rahab seinare vart gift med Salmon, og dermed mor til Boas og svigermor til Rut, og følgjeleg tippoldemor til kong David. Det gjer at ho har plass i Jesu ættetavle i Matteusevangeliet og vert rekna mellom trusheltane i Hebrearbrevet kapittel 11.
At ei kvinne med bakgrunn som prostituert skulle få ein slik posisjon, kan framstå ufatteleg. Men det seier noko om korleis Bibelens Gud arbeider på tvers av alle forventningar, midt i kompleksiteten og kaoset i oss og rundt oss. Framleis er det mykje ved desse historiene eg strevar med å forstå og godta, men nettopp det gjer det også spennande å bryne seg på dei.
Forfattaren Roy Jacobsen påpeika ein gong at Det gamle testamente overgår all annan litteratur. Det er fascinerande korleis Bibelen held seg aktuell. Uavhengig av om menneske trur det han fortel, er det vanskeleg å kome ifrå at denne boka speglar menneskeleg erfaring på ein spesiell måte. Sånn sett er det interessant med dei ikkje-truande filosofiprofessorane Ole Martin Moen og Einar Duenger Bøhn som har nådd mange med podkasten sin om Bibelen.
Bibelen er boka som skildrar røynda vår best, har den svenske kristne forfattaren Magnus Malm påpeikt. Det kan eg kjenne meg igjen i. Og reisa i denne boka starta med ein barnebibel som lærte meg om mellom andre Rahab.