«Det eldste er det nyaste»

Bokhausten står for døra. For folk som er glade i bøker, er det spennande å sjå kva litteratur som skal kome ut. Det finst det gode grunnar til. Framleis har bøker ei eiga kraft til å skape gjenkjenning, opne samtalar og spegle store spørsmål. Det kan både gjelde tidlause spørsmål og slike som er særleg aktuelle i vår tid. 

Kva er då eit menneske, spør salmisten i Det gamle testamentet. Ofte ligg det same spørsmålet, og forsøk på svar, både på og mellom linjene. Det kan gjelde i såvel skjønnlitteratur som sakprosa. Også litteratur som ikkje nødvendigvis framstår som spesielt djup, vil i mange tilfelle reflektere verdiar og sanningspåstandar. Ingen forfattar kan operere utan føresetnader.

Mange litterære sjangrar har lange tradisjonar. Det gjer at ein som likar å lese, gjerne vil prøve å finne ein slags balanse mellom gamle klassikarar og det siste nye. På denne måten kan ein få både friske og nyskapande inntrykk, og gamle og velprøvde.

Dei fleste bøker har ei avgrensa levetid. Dei er prega av å vere skrivne av eit menneske som lever i ein bestemt samanheng, gjerne med tanke på lesarar som lever meir eller mindre i den same samanhengen. Med tida kan forståingshorisont, form og språk gjere at bøkene verkar mindre interessante eller aktuelle. Men somme bøker har ein heilt forunderleg slitestyrke. Gjennom tiår og til og med hundreår kan dei glede og utfordre nye lesarar. 

Forfattaren og litteraturprofessoren C. S. Lewis rådde til at ein las ei gammal bok for kvar ny. Han åtvara mot det han kalla «kronologisk snobberi», tanken om at vi vert klokare for kvart år som går. Det er både arrogant og ignorant. Den som trur at menneske var dummare før, veit lite om menneske som levde før.

Den kristne tradisjonen har heilt spesielt langt røter ved å gå to tusen år tilbake. Tek vi med heile Bibelen, er historia over tusen år lengre. Ein del kristen litteratur vil vere tungt tilgjengeleg for kristne flest i dag. Men det finst ein heil del som står seg forunderleg godt. Eit døme kan vere «Bekjennelser» (Vedkjenningar) av kyrkjefaren Augustin (354-430). Dette vert gjerne rekna som den første sjølvbiografien i historia. 

Samstundes er ikkje Augustin eigentleg hovudpersonen. «Du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg», skriv Augustin heilt i starten av boka. Dette er kanskje det mest kjende av alle sitata han har etterlate seg. Det «du» han skriv til, er Gud. Framleis kan denne boka både fengsle og inspirere lesarar.

«Det eldste er det nyaste, for det er starten», heiter det i eit sitat som eg trur vart tilskrive den engelske misjonæren og teologen Leslie Newbigin. Innanfor all litteratur finst det gamle bøker som har lagt føringar for dei nyare. I den kristne litteraturen har dette vore veldig viktig. Augustin er berre eitt av mange døme på forfattarar som har etterlate seg ein rik arv med stor påverknadskraft.

Det blir spennande å sjå kva nye bøker vi kan oppdage denne hausten. Men det er nok ikkje dumt å oppdage nokre gamle i tillegg.