Den gode sommarboka

Sol, rolegare dagar og gode bøker. Det er tre ingrediensar som står høgt på ønskjelista til mange når sommaren står for døra. Andre ting kan sjølvsagt vere minst like viktige – som fellesskap med familie og vener, naturopplevingar og meir søvn. Men kombinasjonen av lengre dagar og lengre leseopplevingar gir mange av oss ei eiga form for rekreasjon og inspirasjon.Forventningane kan bli i overkant store. Heller ikkje sommardagane manglar plikter og oppgåver. Og sjølv ein ivrig bokorm kan etter kvart bli mett på bokstavar når kroppen og hovudet går over i feriemodus. Utvalet av bøker er dessutan svimlande stort. Ein nettbokhandel reklamerer med at dei fører elleve millionar titlar. Når eit alminneleg langt menneskeliv varer i 700.000 timar, er det opplagt at til og med den mest målretta lesehesten berre når over ein liten del.Det er ikkje så viktig å lese så mykje, påpeika dosent Åse Bjørg Høyvoll Kallestad då kollega Tarjei Gilje og eg gjorde podkastopptak med henne i Bergen Kristne Bokhandel i fjor. Også den som kjem inn i denne bokhandelen, må innsjå at det er mange bøker i hyllene som ein kunne tenkje seg å lese. Men dei fleste må vi velje bort.Skilnaden er likevel stor på å lese litt og å lese ingenting. Kvalitet er viktigare enn kvantitet. Boklesing mister meining dersom det vert eit intellektuelt interrail der målet er å ha vore innom flest mogleg land. Men kva såg ein eigentleg i desse landa eller bøkene? Kva fekk ein med seg?Eg merkar at bokstabelen min har lett for å vekse, særleg når det nærmar seg sommar. Det er fleire bøker eg gler meg til å starte på. Faren er at eg undervegs gler meg til å bli ferdig fordi eg vil starte på den neste. Det er ikkje sikkert den beste lesesommaren var den då eg kom gjennom flest mogleg bøker, men då eg verkeleg fekk fordjupa meg i litt færre.På terskeleg til sommaren spurde eg i ein artikkel i Dagen eit breitt spekter av leiarar i kyrkje- og kristenliv om kva bøker dei ville lese denne sommaren. Svara varierte frå oldkyrkjelege skrifter til moderne trusforsvar, frå Peter Halldorfs Jeremia-biografi til Barack Obamas sjølvbiografi, frå norsk utvandrarhistorie til krim. Det minna meg om noko anna som er fint med lesing: Vi kan gjere kvarandre rikare ved å lese dei same bøkene og snakke om dei, men også ved å lese forskjellige bøker og dele innsikter med kvarandre. Då treng ikkje lesing vere ein einsam aktivitet, men ein som fremjer fellesskap i lange sommarkveldar. Lesing gir oss meir å snakke om.