Den andre lesinga

For ei stund sidan bladde eg i ei sjølvhjelpsbok. Forfattaren hadde ikkje uventa råd om mange forskjellige ting. Det omfatta også lesing. Eitt av dei var å berre prioritere bøker som ein ville lese to gonger. I mitt tilfelle kan ein seie at han fall for eige grep. Boka hans la eg vekk nokså fort. Rådet hans har eg likevel hatt i bakhovudet.

På den eine sida synest eg det har lite føre seg å tenkje dogmatisk om eit slikt spørsmål. Bøker er forskjellige. Somme kan det vere nyttig å kike på eller skumme gjennom. Det merkar eg særleg i jobben som journalist. Sjeldan les eg ein heil politikarbiografi eller andre sakprosatekstar som kjem inn til redaksjonen. Men eg opplever det ikkje sjeldan nyttig å bruke nokre minutt på å danne seg eit inntrykk av innhaldet.

På den andre sida ser eg at forfattaren av sjølvhjelpsboka har eit poeng. Som student las eg ein del av romanane til Graham Greene (1904-1991). Han hadde ei sjeldan evne til å kombinere spenning, underhaldning og djupe eksistensielle spørsmål i kompakte romanar. Dei er gjerne berre på 200-300 sider. Handlinga var lagt til eksotiske verdshjørne. Det avspegla at Greene reiste mykje og opererte som agent for dei hemmelege tenestene i Storbritannia. 

Då eg las nokre av bøkene til Greene på nytt 15-20 år seinare, gjekk det opp for meg kor lite eg hugsa – og kor mykje eg hugsa feil. Det vart ei realitetsorientering. Minnet vårt er gjerne mindre påliteleg enn vi trur. Og med vår tids bombardement av informasjon er det mykje som skal konkurrere om plassen.

Eg har enda opp med å gi forfattaren av sjølvhjelpsboka delvis rett. Når eg skal velje ei bok å lese sjølv eller gi som gåve til andre, kan det vere ein god idé å spørje: Er det sannsynleg at eg vil ønskje å lese denne to gonger? Kan ein svare ja på dette spørsmålet, er det eit godt teikn. Dersom vi kjenner med oss sjølve at vi berre vil lese boka ein gong, kan det vere verdt å spørje kvifor. Då er det ikkje sikkert boka framstår spesielt viktig, spennande eller interessant for oss. For det er nokså sikkert at vi ikkje får fullt utbytte av første runde.

For kristne står naturlegvis Bibelen i ei særstilling med tanke på kva vi kan lese fleire gonger. »Bøkenes bok» kan følgje oss gjennom livet. Stadig kan vi oppdage noko nytt om Gud, verda og oss sjølve. Men om annan litteratur ikkje på langt nær har same autoritet, finst det likevel nok av bøker som fortener meir enn ei gjennomlesing. Kunsten er å velje flest mogleg av slike, og færrast mogleg av dei vi fullfører ein gong på rein vilje. Livet er for kort til å prioritere dårlege bøker. Men eg synest også livet er for dyrebart til å gå glipp av verdifulle leseopplevingar.

Tore Hjalmar Sævik

Journalist i avisa Dagen