Boka som dannar

«Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne,» konkluderer Bibelens filosof, Forkynnaren, i slutten av si eiga bok. Sjølv om han erfarte av alt arbeidet bak ei bok også «gjer kroppen trøytt», let han ikkje vere å publisere. Nokre av dei beste bøkene kan til og med vere sjeleleg og kroppsleg slitsamt å lese, som når eg les Fjodor Dostojevskis bøker «Forbrytelse og straff» og «Brødrene Karamasov». Likevel er det verd det. 

Flaumen av bøker er på langt nær så omfattande som flaumen på nettet. Det siste kan likevel lære oss noko om det første. På internett er det heilt nødvendig å sile grovt. Å skilje ut det verdifulle frå alt skrapet er ei nødvendig øving om vi ikkje skal miste oss sjølve i den malstraumen som dei amerikanske mediegigantane vil sluke oss inn i.

Bokhausten kan naturlegvis ikkje samanliknast med dette, men den òg er omfattande nok om ikkje vi er utvelgande. «De får ikkje tid til å lese alle de gode bøkene. Konsentrer dykk om dei beste,» sa ein av lærarane mine sist på 70-talet. Vi som følgjer med i avisene sine bokmeldingar, kan vitne om at det er ei stri nok oppgåve å finne ut av akkurat det.

Boka er likevel så annleis enn nettet. Den er avgrensa i emne, form, lengde. Eg held den mellom hendene mine eller legg den på fanget. Når eg sløkker lyset må eg legge den frå meg. Den kan dra meg inn i universet sitt, men vegen ut er som regel lett å finne. Den gode boka fører meg i kontakt med det verkelege, med livet, med tankar som fører framover.

Nettet er så annleis. Det er grenselaust. Det fører meg dit eg slett ikkje vil. Det tilbyr å bli med meg inn i natta for å suge melatoninen ut av meg – og slik overlate meg, saman med skjermen, til mørkret si uro.

Bokhausten er i gang. La den få opne opp for nye leseopplevingar. Om vi vil halde hjernen vår frisk og stadig la oss utfordre, bør alle menneske i alle fall lese ei bok i ro og mak kvar andre månad. Seks nye bøker i året. Kva er dei seks siste bøkene du har lese? Kva gjorde dei med deg?

John Stott lærte oss, etter Charles Spurgeon sitt forbilde, kor nødvendig det er for kristne å lytte nøye både i retninga utover og i retninga oppover. Vi treng Bibelen og litteratur som orienterer seg ut frå Bibelen for at vi skal kjenne Gud. Samtidig treng vi å lese oss opp på vår eiga samtid, så vi kjenner livsrommet vårt. Mange av dei største forfattarane er størst, ikkje primært fordi dei er gode i norsk eller kva morsmål dei måtte ha. Dei er best fordi dei treffer nerven i det som er og det som synes å kome. Den gode kunstnaren, kall henne gjerne «poet», viser seg ofte å vere profet.

Den kristne bokbransjen gjennom lever ei krise. Altfor mange kristne bryr seg ikkje med å fylle sjel og sinn med tankar som bygger opp og gir åndeleg livskontakt. Midt i dette har Bergen Kristne Bokhandel etablert seg, i trass og tru. Her kan du spørje etter ein profetisk klassikar som Dietrich Bonhoeffers «Etterfølgelse», Oskar Skarsaunes svært aktuelle «Etterlyst: Bergprekenens Jesus», nyare bidrag i den apologetiske bølga, Nabeel Qureshis varme og ærlege «Søkte Allah, fant Jesus», C.S. Lewis sitt rike univers av fantasi og klare tankar, Magnus Malm sine utfordrande åndelege analysar av kultur og samfunn, kyrkje og disippelskap. I år kjem også Marie Monsens trusstyrkande «En hjelp i trengsel» i nytt opplag.

Vel, det var litt frå mi liste. Andre prioriterer andre slags bøker. Det viktige er at det vi les, ikkje berre utviklar språket vårt, men leier tankane våre. Til sant disippelskap, som er å følgje Jesus, høyrer ikkje minst tankens disippelskap. Der i den indre danninga finn den ytre vandringa vår retninga si. Derfor er det viktig kva vi fyller tankar og sinn med, ja, kva vi les.

God bok!