Eg sit med to nye andaktsbøker i hendene. Den første eg vil omtala, er av den svenske presten Thomas Sjödin, med tittelen «Jeg har slått opp mitt telt i håpets land». Den er verkeleg full av håp og inspirasjon og sprudlande liv. Han byggjer andaktene på utvalde tekstar frå den amerikanske teologen og presten Eugene Peterson si parafrasering av Bibelen. I innleiinga til andaktsboka fortel Sjödin korleis den parafraserte Bibelen blei til og om si oppleving av å lesa den. Peterson si parafrasering er ikkje ei vanleg bibelomsetjing. Det han gjer, er å prøva formidla bibelteksten med eigne, daglegdagse ord på ein måte som han tenkjer kan kommunisera med vanlege menneske i samtida. Sjödin gjer det veldig klart at han les ikkje den parafraserte teksten i staden for sjølve Bibelen, men i tillegg til den. Dessutan deler han begeistra korleis møtet med den parafraserte bibelutgåva førte til at han såg nye ting og fekk større interesse for den vanlege bibellesinga.
Eg har ikkje lese heile andaktsboka, men det eg har lese, har gitt meirsmak. Ikkje minst har eg fått lyst til dela den med andre, gjerne personar som ikkje les noko særleg i Bibelen. For eg trur at Peterson si parafrasering kombinert med Sjödin sin gode penn kan motivera menneske til å opna sin Bibel for å finna ut kva den eigentleg seier. Samtidig kan den inspirera oss garva bibellesarar til å sjå nye ting og få fornya glød for bibellesinga. Språket til Sjödin er lettforståeleg og vekkjer interessa. Han skriv slik at det treffer midt i det verkelege menneskelivet: det grå og kjedelege, det travle og ambisiøse, det mislykka og motlause og det glade og engasjerte. Og slik at det kan opna for undring og fleire perspektiv, gi kraftige utfordringar eller kvile, nytt håp og ny kraft.
Her er ein smakebit på Peterson si parafrasering frå Gal 5: «Når vi har valgt et slikt liv, Åndens liv, så må vi sørge for at det blir mer enn bare en tanke eller en følelse, at det preger hele vår livsførsel. Det betyr at vi ikke skal sammenligne oss med hveradre, som om den ene var bedre og den andre dårligere. Vi har mer givende ting å gjøre i livet. Hver og en av oss er unik.» I andakten sin over dette avsnittet, skriv Sjödin m.a.: «Et eksempel på dette Åndens liv er hvordan vi håndterer sammenligningene. Vi kan lure på hvorfor dette får så stor plass i beskrivelsen. Kanskje fordi det å underkjenne seg selv egentlig er å underkjenne Gud, han som har skapt oss som originaler, førsteutgaver som ikke skal eller bør kopieres.»
Eller denne frå Joh. 10: «Tyven kommer bare for å stjele og drepe og ødelegge. Jeg kom for at de skulle få ekte og evig liv, mer og bedre liv enn de kunne drømme om.» Og frå Sjödin sin kommentar: «Det fantes nok livsfornektende religion allerede på Jesu tid. Han kom for å gi ekte og evig liv. Forskjellen er himmelvid. Som forskjellen på en tyv og en gjeter.» Får du lyst å sjekka kva som står i sjølve Bibelen? Då tenkjer eg boka har ein viktig funkson.
Den andre andaktsboka er av presten og forfattaren Jostein Ørum, han som skreiv boka om Josef «Det kan bli fint likevel». «Søndagsboken» har han kalla denne boka, der han kjem med ein refleksjon over ein evangelietekst for kvar søndag og helgedag i heile året. Han seier i forordet at han har prøvd å leita etter noko i forteljingane som han ikkje har sett før. Og han er god til å skriva på ein frisk og «ny» måte. Så her kan ein verkeleg få vidare perspektiv, noko å undra seg over, noko som kan opna opp for at Jesus og livet med han er endå større og likevel nærmare, endå meir underfullt og samtidig meir menneskeleg enn det vi har sett før – eller i alle fall på lenge. Ei slik andaktsbok kan blankpussa vårt åndelege syn.
Her er utdrag frå refleksjonen hans omkring Mark.2.12, der ein mann blir fira ned gjennom taket og lækt av Jesus: «Han (Jesus) blir ikke fristet til å ta den enkleste og mest publikumsvennlige måten og få mannen raskt på beina. I stedet gjør han det han kom for å gjøre. Han sier ordene han kom til verden for å framføre, Jesu egen yndlingsreplikk: «Syndene dine er tilgitt.» Om noen skulle være i tvil: Det er dette som er miraklet i Kapernaum. Det er rett og slett dette som er evangeliet.» Så, etter å ha skrive om at mannen blei frisk, kommenterer forfattaren: «På den ene siden, den synlige, er det et hull i et tak, forbløffede ansikter og en kropp som endelig fungerer. Men på den andre siden, den usynlige, er det en tilgitt synder.» Eller vi kan sjå på avslutningen på andakten hans for Vingardssøndagen, der teksten er om dei som blei innleigde til arbeid: «Det er jordeieren det handler om. Himmelriket er relasjonen til Gud. Man kommer ikke med innsats og fortjeneste. Man kommer med seg selv (……. ) Jesu historie handler ikke om anerkjennelse eller straff. Den handler om noe helt annet, nemlig å høre til i vingården. Lønnen er å få være i den store jordeierens fellesskap. Det er når man mister dette fellesskapet av syne, at det skjærer seg.» Desse utdraga viser noko av det som eg set så stor pris på med boka. Ørum trekkjer rett som det er fram andre sider ved teksten enn dei vi vanlegvis fokuserer på og uttrykkjer gjerne dei gamle sanningane på nye måtar. Samtidig er refleksjonane hans Kristus-sentrerte og tydelege på kva som er kjernen i vår tru.
I bokhylla mi står det mange andaktsbøker. Eg greier meg eigentleg godt med dei eg har. Sanninga er at eg les ikkje andaktsbøker regelmessig. Det er viktigare for meg å lesa i Bibelen. Eg følgjer ein bibelleseplan der eg les eit kort avsnitt om morgonen og eit heilt kapitel om kvelden.
Men av og til tar eg ei andaktsbok i tillegg, eller i staden for. Ikkje minst når eg er sliten kan det kjennast godt å få måltidet ferdig servert i staden for å måtta gå i gang med råvarene sjølv. Ofte blir andaktsbøkene mine tatt i bruk når eg har besøk. Eg har mange venner som det er naturleg å dela ei andakt og be saman med. Då har eg eit utval av bøker å velja mellom, alt etter situasjonen. Derfor kan det henda eg vil ha i alle fall den eine av dei nye andaktsbøkene sjølv.
Det er fint å bli kjent med nye andaktsbøker som er spesielt skrivne inn i vår tid. Eg synest likevel det er svært verdifullt å ha også eldre bøker med andakter av kjende teologar og forkynnarar. Bokhandelen har eit rikhaldig og velorganisert antikvariat der ein kan finna slike skattar. Blant dei andaktsforfattarane som eg set stor pris på, er den norske presten og indremisjonsleiaren Fredrik Wisløff, den svenske presten Bo Giertz og den danske Georg Geil. Det er eg nok ikkje åleine om, så det er sikkert ikkje lett å finna andaktsbøker av desse. Men det går an å sjekka fleire gonger, og til slutt er ein kanskje heldig.