I ein god del år var eg engelsklærar, mest i vidaregåande skule. Eg underviste både i generell engelsk for 1. klassingar og det som då heitte studieretningengelsk i 2. og 3. klasse. Alt var kjekt, kvar på sitt vis.
I 1. klasse las elevane mine, gruppevis, alle dei sju bøkene i Narnia-serien og presenterte dei. Eitt av aspekta dei skulle sjå på, var samanhengen mellom boka dei las og bibelsk materiale. Dei drøfta saka med dei andre medlemmene i gruppa og meg, før dei då presenterte stoffet til dei andre i klassen. Som oftast var eg veldig imponert over kva dei greidde å finne ut og internalisere av kunnskap. Og sjølv om Narnia-bøkene gjerne blir betrakta som barnebøker, egnar dei seg ypperleg til tenåringar, som gjerne ser på seg sjølve som både modne og vaksne!
Eitt felles tema i alle klassane var rasisme, ofte som ein del av det kulturhistoriske pensumet. Det er ikkje for ingenting at Woke-bevegelsen, om ein kan bruke eit slikt ord, har rasisme i sentrum av si tenkjing. Det har slått meg meir enn ein gong at post-moderne læreplanar og samfunnstenkjing generelt manglar felles grunn, noko som er avgjerande i eit danningsfag som engelsk. Dette kan det seiast mykje om, og det skal eg gjere ein annan stad, men slaveri og rasisme kan alle fraksjonar og grupper ha eins tilnærming til.
Her skal eg nemne ei sentral side i tematikken, og eg brukar songen Amazing Grace og forfattaren John Newton for å få fram poenget.
John Newton er svært kjend som prest i London rundt 1800 og alliert med parlamentsmedlem og anti-slaverikjempe William Wilberforce. I 1807 blei slavehandelen oppheva i Storbritannia og deira territorier (som ikkje var få på denne tida); i 1833 blei slaveri forbode alle desse stadene. John Newton døydde like etter slavehandelen blei forboden, Wilberforce like etter slaveriet blei oppheva.
John Newton (fødd i 1825) mista den gode kristne mor si då han var sju år. Han fekk to års skulegang og blei ganske snart med far sin, som var kaptein i den britiske handelsflåten, på ferder. John Newton gjekk gjennom ei rivande utvikling mot totalt moralsk forfall. Som ganske ung blei han teken med makt som rekrutt til marinen, der han deserterte og blei forferdeleg straffa. Han var sjølv slave på ei øy utanfor den afrikanske vestkysten i 18 månader. Så blei han kaptein på slaveskip, som frakta fanga afrikanarar under umenneskelege forhold til karibiske sukkerplantasjar eller anna tvangsarbeid i dei amerikanske Sørstatane. I alt dette levde han totalt amoralsk og ugudeleg. I ein langvarig storm på havet i 1748 begynte han å rope til Gud og blei berga, saman med båt og dei fleste av mannskapet. Dette blei begynnelsen på det nye i hans liv.
Seinare kom han i kontakt med John og Charles Wesley og den metodistiske vekkjinga, som gjekk over heile England og etter kvart USA. Gjennom denne forkynninga blei han forandra. Han lærte seg hebraisk, gresk, latin og fransk og fekk etter studier ordinasjon i den anglikanske kyrkja. Fyrst var han i Olney, nord for London, så i finansdistriktet i London, begge stader som ein svært viktig forkynnar og hjelpar for folk som trong det.
Samarbeidet med William Wilberforce, som og blei omvendt i den store vekkjinga, betydde enormt for arbeidet for oppheving av slaveriet. John Newton skreiv m.a. ein pamflett om si fortid som kaptein på slaveskip og det han såg der. Vanlege folk, særleg i overklassen, som tente seg styrtrike ofte på slavehandelen, men og i den veksande middelklassen, ville helst ikkje høyre dei grusomme detaljane om situasjonen for dei afrikanske slavane, men etter kvart vart det umogleg å late att auge og øyre for vitnemåla frå dei som hadde vore med.
Amazing Grace er eigentleg ei samanfatning av ein sundagstale John Newton skulle halde. Det er og eit samandrag av hans livshistorie. Når han kallar seg sjølv for «a wretch» – eit forfallent, stakkarsleg menneske – var ikkje det berre ein talemåte. Det var nok ein ganske nøktern beskrivelse av den han var i denne fasen av livet. Men det som framfor alt gjer inntrykk på folk som høyrer denne songen på mange språk, er framstillinga av Guds frie nåde, hans miskunnsame sinnelag og hans aktive handlingar for å gripe inn i falne menneskeliv. Guds barmhjertige sinnelag er det minst sjølvsagde av alt, og den oppdaginga lever Newton i heile livet. Guds nåde er like overraskande og overveldande for han i hans fysisk blinde alderdom som då Gud møtte han i stormen.
Og så kjem eg til det som er ekstra viktig for pedagogar og andre som arbeider med rasisme som tema. Det er heilt klart at kristne var svært sentrale i anti-rasismekampen på 1700-talet og seinare i Storbritannia. Utan John Newton og William Wilberforce, som på mange måtar la ned sine liv for denne saka, er det ikkje godt å seie kva som hadde skjedd og kor lang tid det ville ha teke før vestlege profitørar ville ha gått med på å avvikle ei for dei så lukrativ kjelde til inntekter. Dette må gje oss frimot når media og enkeltpersonar framstiller kristne som reaksjonære, til hinder for framgang og fridom.
Sjå gjerne desse innslaga: