Kva er vitsen med å bruka tid på å lesa bøker? Det hadde vore interessant å gjera ei spørjeundersøking for å finna ut kva folk tenkjer om det. Kanskje ein idé for bokhandelen å invitera sine kundar til å delta i eit slikt prosjekt? For min eigen del møter ulike bøker varierande behov.
Ein del bøker gir inspirasjon og utfordring til å tenkja djupare eller i litt uvante baner. Eller kanskje dei set ord på noko eg kjenner att, men som eg ikkje har sett eller formulert så klart som forfattaren gjer. Torborg Aalen Leenderts sine bøker har primært hatt desse funksjonane i mitt liv.
Ho har skrive fleire bøker som er kjende av mange. Her vil eg primært halda meg til den siste, «Når hjertet søker, konfronterer Gud» (2022). Men først tar eg ein svipptur innom «Gud og det vonde» (2011). Ein raud tråd gjennom dei fleste av bøkene hennar er kampen for å få trua og livet til å hengja saman, og til å snakka sant både om livet og Gud. Ho formidlar også eit brennande engasjement for å få og gi hjelp til å tru på ein kjærleg Gud midt i alt det vonde som skjer.
I boka «Gud og det vonde» kjem ho inn på mange sider ved livet og gudstrua som kan bli utfordra når vi møter vonde og vanskelege situasjonar i eige eller andre sitt liv. Teoretisk refleksjon er knytt saman med erfaringar som gjer at boka kommuniserer med oss på både tanke- og kjensleplanet. For meg gav hennar gjennomgang av allmaktsomgrepet nye vinklingar som eg opplever er til hjelp. Kva meiner vi når vi seier at Gud er allmektig? Aalen Leenderts refererer til religionsfilosofen Tore Wigen som presenterer to forståingar av ordet allmakt: 1) som total makt eller 2) som kjærleikens makt, s. 81-83.
Aalen Leenderts seier at ho har opplevd påfallande mange tilfelle der truskriser har samanheng med forståinga av allmakt som total makt. Ho skildrar korleis tolkinga av Guds allmakt som kjærleikens makt opnar for meir konstruktive perspektiv på lidinga og Guds kjærleik. Dette allmaktsomgrepet handlar om ei makt som er fullkomen, totalt prega av Guds kjærleik. Den spør etter korleis Gud er og vil vera til stades med sin kjærleik midt i situasjonen. Aalen Leenderts kjem inn på mange fleire sider når det gjeld forståinga av Guds allmakt i forhold til det som skjer i livet, men her er ikkje plass for å gå djupare inn i temaet. Det er berre å kjøpa boka og lesa meir.
Eit omgrep som Aalen Leenderts har arbeidd mykje med, både personleg og fagleg, er «gudsbilete». Dette omgrepet er til stades «over alt» i bøkene hennar, anten ho nemner det eksplisitt eller ikkje. I den siste boka, «Når hjertet søker, konfronterer Gud», er det eit gjennomgåande tema. I denne boka fortel Aalen Leenderts si trushistorie, og ho deler korleis hennar gudsbilete utviklar og endrar seg frå barndom og utover i livet. Det ligg henne på hjarta å finna samanheng mellom livet og Gud og å veksa og utviklast i si tru. Det krev både tankemessig arbeid og erfaringar i samspel med andre. Ho deler fleire personlege erfaringar av kor viktig det har vore for hennar menneskelege og åndelege utvikling at ho har hatt samtalar med veiledarar som har lytta og gitt respons. Her er mykje å læra.
Mange har av ulike grunnar fått med seg eit gudsbilete som er vanskeleg å forhalda seg til. Heldigvis kan gudsbiletet endra seg. Det er ikkje snakk om at Gud forandrar seg, men at det subjektivt opplevde biletet blir meir i samsvar med det Bibelen lærer om Gud. Gode opplevingar der ein opplever seg verdsett, menneske som møter ein med interesse og omsorg, bibelstudium og samtalar med kristne ein har tillit til – slike erfaringar kan vera med og utvikla gudsbiletet. Mange kunne ha nytte av å følgja Aalen Leenderts sitt eksempel, ta tid til stille på retreat og unna seg samtalar med ein erfaren sjelesørgjar/veiledar. Gjennom å lesa boka hennar kan ein få hjelp til å arbeida målbevisst med si eiga trushistorie. Ein kan prøva leggja spesielt merke til periodar eller hendingar som førte til tydelege endringar i gudsbilete og trusliv. Aalen Leenderts gir mange eksempel frå sitt liv som kan vera til hjelp i ein slik prosess. I prosessen ho har vore gjennom, har ho på eit par område kome til teologiske slutningar som eg ikkje deler. Eg tenkjer at å læra og la seg inspirera av boka til å arbeida med trushistorie og gudsbilete ikkje betyr at ein må koma til same konklusjonar som henne.
Aalen Leenderts fortel om kor ho har strevd med korleis ein skal forstå dei vanskelege historiane i Det gamle testamente, for eksempel om syndefloda og om Abraham som skal ofra Isak. Ho fortel at etter å ha kjempa mange år med dei skremmande historiane i GT, blei ho kjent med at det finst ein brei teologisk tradisjon som hevdar at desse forteljingane må forståast symbolsk. «Urhistorie og visdomsfortellinger må leses billedlig og metaforisk. Da blir mytene bilder på Gud, hans skapelse og hensikt med mennesket,» s. 44. Aalen Leenderts går ikkje djupt inn i dette temaet, men det ho skriv, tyder på at ho tolkar deler av Det gamle testamente på ein måte som etter mitt syn er problematisk.
Mot slutten av boka kjem Aalen Leenderts inn på forholdet til dei to utgangane av livet. Dette har ho tydelegvis kjempa mykje med, både for eigen del og i samtale med menneske som har det vanskeleg. Der trur eg mange kan kjenna seg igjen. Dette er eit svært tema å forhalda seg til. Ho fortel om prosessen ho har gått gjennom ved lesing av teologisk litteratur og kontemplativ bønn. «For meg har den mulige atskillelsen sluttet å være sannhet. Et helt annet gudsbilde har trådd fram: Fra første stund er vi i kjærlighetsfellesskapet med Gud, Jesus og Den hellige ånd – et fellesskap vi alltid tilhører, i liv og i død,» s. 88. Så nemner ho at ho har oppdaga at ei slik forståing og nyorientering også kjem frå ulikt teologisk hald. Ho fortel dessutan at mor hennar, som var teolog, uttalte at ho ikkje kunne tenkja seg at noko menneske på den yttarste dagen, når det møter kjærleikens Gud, Jesus Kristus, ansikt til ansikt, vil seia nei til denne kjærleiken. Spørsmålet er kva Bibelen gir grunnlag for å hevda om dette store temaet. Kvar står det at mennesket har mulighet til å velja Kristus etter døden? Det er ein del teologar som hevdar at det ikkje er to utgangar av livet. Eg forstår ikkje korleis ein kan konkludera slik når ein ser på alle dei stadene i Det nye testamente som taler svært alvorleg om fortapinga.
Eg har stor respekt for det arbeidet Aalen Leenderts har gjort med vanskelege tema. I bøkene sine skildrar ho korleis ho har kjempa med å finna fram til ein ståstad der ho kan snakka sant både om livet og Gud. I denne prosessen legg ho for dagen ein djup og inderleg trong til å finna og formidla ein god og kjærleg Gud som ho sjølv og hennar medmenneske kan ha tillit til og kvila hos.
Sjølv har eg også kjempa mykje med tvil og tru, og med å finna ein bibelsk grunnvoll for eit gudsforhold som har rom for heile livet. Eg lærer og øver meg framleis. Aalen Leenderts bidrar i sine bøker med mange erfaringar og synspunkt som kan vera til hjelp i ein slik prosess. Men eg stiller meg som nemnt kritisk til dei to synspunkta som gjeld tolkinga av ein del av GT og synet på dei to utgangane av livet. Nedanfor deler eg litt om min veg i kampen med desse spørsmåla.
I mi lesing av Bibelen og teologisk litteratur, kombinert med livs- og gudserfaringar, har eg kome til kvile i tru på at Gud er alltid meir – meir enn det som er fortalt om han, meir enn det eg kan be om, meir enn det eg kan forestilla meg. Han er Gud, og eg er eit menneske. Sjølv om der er mange vanskelege forteljingar i GT, meiner eg det er viktig å halda fast på at Herren er ein Gud som handlar i historien. Eg trur Gud toler at eg seier til han at dette forstår eg ikkje, eller at det opprører meg. Så let eg det liggja for hans åsyn. I Joh. 1.18 står det: «Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.» Når eg les Bibelen i lys av openberringa gjennom Jesus, får eg eit bilete av Gud som både heilag og opphøgd og samtidig kjærleg og nær – ein Gud som eg kan ha eit trygt og tillitsfullt forhold til.
Temaet evig liv og fortaping er av ein slik karakter at det må bli vanskeleg dersom vi tar det på alvor. Alle har ikkje same mulighet. Kva med dei som ikkje har høyrt? Også her har eg kome til ein ståstad der eg prøver å leva etter det Bibelen uttaler seg om og å overlata til Gud det han ikkje har openberra for oss. Joh. 3.16 seier: «For så elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» Der står altså at det er dei som trur, som skal få evig liv. Jesus taler alvorleg og mange gonger om å ta imot Guds invitasjon medan det enno er tid, for det kan bli for seint. Og han kallar dei som trur, til å vera med og invitera alle folk i heile verda. Dette er det eg forheld meg til. Kor vidt Gud gir nye muligheter, som han ikkje har openberra for oss, det kan ikkje eg vita. Desse spørsmåla øver eg meg i å leggja i hans hender, han som er kjærleg og rettferdig.
Det er krevjande, men også svært rikt, å arbeida med trushistorien. Boka til Aalen Leenderts kan gi inspirasjon til å bli meir bevisst på desse prosessane, så vi kan bruka det både i eige liv og i samtalar med andre.