Å snakke sant om livet

Eg las Olaug Bollestad si bok «Snakk sant om livet» i ein jafs her ein laurdag morgon. Før eg visste ordet av det, var det føremiddag.
            Det er lenge sidan eg slukte ei bok på den måten. Hovudpersonen, temaet, skildringane, språket (nær Bollestad si eiga dialekt) fascinerte meg. Ei forfriskande leseoppleving. Tidlegare har eg sveipa innom Instagramen til Bollestad, og fått opp til fleire latterkuler av dei artige bilda, med og utan høner på hovudet. Å skulde henne for å vere pompøs eller sjølvhøgtideleg er umuleg. Boka er også krydra med bilde frå Insta’en hennar.
            På førehand hadde eg fatt med meg ein del av det ho tar opp i boka gjennom media. Mykje var likevel sterk lesnad. Det handla blant anna om sår frå barndomen, psykisk sjukdom i familie og slekt, i tillegg til «me too». Kvinner har visstnok tatt kontakt med Bollestad når det gjeld «me too»-saka, og fortalt at dei har liknande opplevingar.
            Utleverande, vil kanskje somme hevde. Mi slekt kjem frå same fylke som Bollestad, og eg kan kjenne igjen ein del av haldningane ho fortel om. Mellom anna at ein ikkje skal snakke negativt om familien utanfor familien. Men på det viset kjem ein ikkje vidare i livet med det  vonde og vanskelege. Eg trur at mange vil finne håp, hjelp og trøyst i ærlegdomen hennar, og det faktum at det er viktig å snakke sant om livet, viss vi skal få det betre. Mellom anna ved å fjerne skam rundt psykisk sjukdom og seksuelle krenkingar, også innanfor kristne krinsar, og plassere skulda der ho høyrer heime.
            I samanheng med det å snakke sant om livet, vil eg og trekke fram to andre bøker eg har hatt stor glede av: den historiske romanen «Mrs. Lewis» av Patti Callahan og «Jenta med minneboken» av Bart van Es. Begge var openhjartige skildringar. Når det gjeld Mrs. Lewis, veit vi ikkje om forfattaren Joy Davidman frå USA, som begynte å skrive brev til C. S. Lewis, og seinare gifta seg med han, opplevde det akkurat slik forfattaren skriv, men forteljinga gjorde likevel djupt inntrykk på meg. Hovudtrekka er sanne, det veit vi. At ho til dømes var gift med ein anna forfattar som sleit med alkoholisme, at ho la ut på reise til England med sine to søner for å treffe Lewis og etter kvart blei ein kristen.
            C.S. Lewis si bok «Surprised by Joy», kan slik sett ha ei dobbel betyding, her skriv han om vegen frå ateisme til gudstru. (På norsk: «Tatt av gleden»).
            Bart van Es er professor i litterataur ved universitetet i Oxford, men vaks opp i Nederland. Under krigen gøymde familien hans ei lita jødisk jente som dei kalla Lientje. Men noko skjedde, og ho braut etter kvart med familien. Prosjektet hans i «Jenta med minneboken» dreier seg om å få kontakt med Lientje og få hennar historie, samstundes som han set si eiga familiehistorie under lupa. Det kom tårer undervegs, for det var ei sterk forteljing han presenterte.
            Eg heier på forfattarar som ikkje er redd for å snakke sant om livet slik det var og er, utan å skjønnmale.

Siv Peersen